SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 364 skann 366

Framandspråk 364 Grunnkurs i B-språk Elevane skal lese i alt ca. 50 sider utover tilrettelagde tekstar over to år fordelt med om lag halvparten på kvart år. Arbeidsmåtane må bli noko forskjellige frå kurset i C-språk, sjølv om målet er det same. Det vil vere naturleg for B-språket å bruke noko tid det første året til repetisjon. Ein kan t.d. bruke særskilt tilrettelagt overgangsstoff eller gå langsamt fram i eit læreverk som byggjer på eit begynnarkurs (B-språkverk). Det er viktig at lærestoffet verkar motiverande for elevane og gir dei lyst til å lære framandspråk. Ved lesinga må ein tilpasse graden av fordjuping til eigenarten av stoffet ein les. Arbeidsstoffet skal innehalde både skjønnlitteratur og sakprosa. Minimum ein tredel og maksimum halvparten bør vere sakprosa. Ein del av sakprosaen må handle om daglegliv, kultur- og samfunnsforhold i Finland. Dei skjønnlitterære tekstane bør omfatte både prosa og poesi og i første rekkje vere frå det 20. hundreåret. SAMISK C-språk (4 + 4) Kurset i samisk vil hovudsakleg omfatte: - ortografi og formverk - språklege uttrykk: generell syntaks verbale uttrykk nominale uttrykk Med tanke på vanskegraden når ein skal lære inn strukturen i språket, bør ein ikkje vente at kurset skal gi eit ordforråd på meir enn 600-1000 ord. Kurset tek utgangspunkt i C-språk (4 + 4) og går vidare med dei momenta som er nemnde under grunnkurs i B-språk. Det er viktig at ein legg opp til ein progresjon som fører fram til nivået for språket som felles allment fag, det vil seie nivået som er felles for C-språk (4 + 4 + 4) og grunnkurs B-språk (4 + 4). Elevane les ca. 50 sider utover begynnarbøkene. Grunnkurs i B-språk (4 + 4) Kurset skal gi ei vidare innføring i dei uttrykksmåtane som samisk språk rår over: - avleiing - modulering og nyansering: ordvalør ordfølgje suffiks partiklar C-språk (4 + 4 + 4)
Skann 366 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 364». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/366/