SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 359 skann 361

Framandspråk 359 - arbeidsbok eller øvingsopplegg med eit rikeleg utval av systematiske øvingar - munnlege og skriftlege. Det er ønskjeleg at delar av øvingsopplegget så langt det er mogleg er sjølvinstruerande. — systematisk grammatikk (eventuelt som eige hefte) til støtte for elevane sitt sjølvstendige arbeid med stoffet. - ordlister. I tilrettelagt lærestoff bør ordlistene vere tospråklege der det er nødvendig å gi elevane ei klar forståing av ord og uttrykk. - inntaling på lydband/kassett av eit rikeleg tekstutval (bl.a. dialogar) til lytteøving og munnleg øving. Tekstane bør vere inntalte av personar som har dette språket som morsmål. - visuelt materiell i form av illustrasjonar og eventuelt dias, transparentar, video og dataprogram. - rettleiingshefte for læraren. Lærebøkene for begynnarundervisninga bør innehalde stoff for ca. to års opplæring. Innhaldet bør passe for alderssteget og interessene til elevane. Grunnkurs i A- og B-språk og 3. året C-språk Til desse kursa vil ein måtte hente stoff frå ulike kjelder: — tekstantologiar med ordlister og eventuelt arbeidsbok og lærarrettleiing - grammatikk, arbeidsgrammatikk - skjønnlitteratur (eventuelt i tilpassa form og med ordlister) — faglitteratur — materiell frå undervisningsradioen og fjernsynet - tilleggsmaterial i form av emnehefte, stoff frå aviser, tidsskrifter, ungdomsblad eller anna autentisk materiale som t.d. brosjyrar - innspelt stoff på lydband/kassett med og utan tekstar, t.d. skjønnlitteratur og spesielt materiell til å øve opp taleforståinga - bilete og teikningar, dias, film, video- og dataprogram - ordbøker, oppslagsbøker osv. - oppgåvehefte med fasit til individuelt arbeid OMFANGET AV ARBEIDSSTOFFET I DEI ULIKE SPRÅKFAGA ENGELSK Engelsk (grunnkurs i A-språk) 5 timar Rammene for kurset legg tilhøva godt til rette for temalesing. Ei slik temalesing kan vere med på å halde på elevane sin motivasjon og stimulere dei til å gå vidare med faget. Arbeidsstoffet skal både eigne seg til planmessig språkopplæring, gi fagkunnskap og ei positiv tekstoppleving. Tekstane må ha ein rimeleg vanskegrad og god språkleg progresjon.
Skann 361 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 359». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/361/