SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 358 skann 360

Framandspråk 358 til arbeidsstoffet også i desse kursa er at det må innehalde element som gir grunnlag for ei mest mogleg systematisk språkopplæring. Arbeidsstoffet skal ha eit slikt innhald at det fremjar både evna til medkjensle og evna til å vere sakleg og tolerant. Vidare må innhaldet i lærestoffet vere variert, interessevekkjande og kulturberande. Det må reflektere tankar og straumdrag i tida. Det er viktig at arbeidsstoffet kjem interessene til kvar elev i møte, og at det er tilpassa evnene og dei faglege føresetnadene til den enkelte. I ein del språkkurs, t.d. i to-årige grunnkurs, skal ein knyte noko av arbeidsstoffet til yrkesopplæringa av elevane. Arbeidsstoffet må for kvart årskurs vere bygd opp slik at det utgjer ein viss avrunda heilskap. Det er viktig å velje stoff der vanskegraden er overkomeleg for elevane og med ein rimeleg språkleg progresjon. Læraren må sjå til at det blir bra samanheng mellom det stoffet elevane har brukt i grunnskolen, og det dei skal bruke i den vidaregåande skolen. Arbeidsstoffet må gi elevane kjennskap til dagleglivet og samfunns- og kulturforholda i vedkomande språkområde. For alle dei framandspråka som blir lesne i den vidaregåande skolen, er dette området stort. Sjølv om heile området kan ha krav på interesse, vil det av praktiske grunnar i dei fleste tilfelle vere nødvendig å leggje hovudvekta på land som kulturelt og språkleg må reknast for å vere dei viktigaste. Læraren må ut frå målet med undervisninga og forholda i klassen avgjere korleis ein eventuelt skal avgrense stoffet. Arbeidsstoffet må førast å jour, slik at det blir mest mogleg korrekt informasjon om dei emna som blir tekne opp. Utvalet av arbeidsstoff for samisk Ein må rekne med eit variert elevgrunnlag ved begynnarundervisning i samisk som framandspråk, med samiske og ikkje-samiske elevar, der somme har eit visst kjennskap til samisk, medan andre er heilt ukjende med språket. I begynnarkurset må ein derfor i særleg grad ta omsyn til krav som kvar enkelt elev stiller til undervisninga. For at dette skal vere mogleg, må ein ha undervisningsmateriell som er tilpassa dei ulike behova. Det som blir lese, må ha variert innhald. I tekstutvalet bør det vere både folkeminnetekstar, skjønnlitteratur, sakprosa og poesi. Joiketekstar bør ein kunne lese i tilknytning til orientering om joiken som ei integrert musikalsk-litterær uttrykksform, etter at ein har gjort det klart for elevane kva for sosial funksjon joiken har. 3.2. Liste over arbeidsstoff Til opplæringa er det behov for forskjellige typar stoff på ulike steg. Til begynnardelen av C-språk treng ein eit læreverk som omfattar: - tekstar med både dialogar (daglegtale) og stoff av orienterande art. Ordforrådet i tekstane bør i så stor grad som mogleg vere basert på ajourførte ordfrekvenslister. Tekstane må vere av god kvalitet når det gjeld både språket og innhaldet.
Skann 360 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 358». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/360/