SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 360 skann 362

Framandspråk 360 Det språklege arbeidsstoffet (grammatikk og idiomatiske uttrykk) bør leggje vekt på område der feilfrekvensen er størst, og der språklege feil hindrar kommunikasjon. Ved lesinga må graden av fordjuping tilpassast eigenarten til stoffet. Elevane les ca. 160 sider. Minst halvparten, ca. 80 sider skal knytast til føl- gjande tema: 1 Education, Work and Leisure 2 Crime and Social Problems (abuse of alcohol, drugs, unemployment, housing problems, loneliness etc.) 3 Travelling in the English-speaking World (aspects of geography and history) 4 The World Wc Live In (political and environmental aspects). Desse emnene vil ein kunne dekkje ved lesing av både skjønnlitteratur og sakprosa. Begge kategoriane stoff må vere representerte i eksamensstoffet. TV- og videoprogram kan ein og nytte, men føresetnaden er at tekst (videoscript/oppsummering) ligg føre. Leseverket bør dekkje både sakprosa og litteratur. FRANSK, SPANSK og ITALIENSK Desse tre faga er her behandla under eitt, da ein meiner det ikkje vil vere særleg stor skilnad mellom dei når det gjeld omfanget av det arbeidsstoffet ein kan gå gjennom i kurs på same nivå. I kurs på 5 + 5 timar i 2. og 3. året bør det aktive ordforrådet liggje på 1200-1700 ord. I kurset på 5 + 5 timar bør elevane kunne lese ein del tekstar, ca. 30-40 sider, i tillegg til det stoffet som finst i begynnarbøkene. Kor mykje elevane kan lese i tillegg til stoffet i begynnarbøkene, vil variere alt etter forholda i klassen og etter kva lærebøker dei bruker. I C-språkkurset vil det meste av dei to første åra måtte brukast til å gå gjennom eit læreverk for begynnarar. I kurs på 4 + 4 timar i 1. og 2. året bør det aktive ordforrådet liggje på 1100--1500 ord. Deretter er det viktig at ein legg opp til ein progresjon som fører fram til nivået for språket som felles allment fag, det vil seie nivået som er felles for C-språk (4 + 4 + 4) og grunnkurs B-språk (4 + 4). Det er viktig at lærestoffet verkar motiverande for elevane og gir dei lyst til å lære framandspråk. Ved lesinga må ein tilpasse graden av fordjuping til eigenarten av stoffet ein les. Arbeidsstoffet skal innehalde både skjønnlitteratur og sakprosa. Minimum ein tredel og maksimum halvparten bør vere sakprosa. Ein del av sakprosaen må handle om daglegliv, kultur- og samfunnsforhold i vedkomande land. Dei skjønnlitterære tekstane bør omfatte både prosa og poesi og i første rekkje vere frå det 20. hundreåret. Elevane les 100 sider utover begynnarbøkene. C-språk (0 + 5 + 5) C-språk (4 + 4 + 4)
Skann 362 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 360». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/362/