SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 357 skann 359

Framandspråk 357 Gjennom opplæringa i språkfaga skal elevane få øving i ulike arbeidsmåtar - sjølvstendig arbeid og samarbeid med andre. Dei må få rettleiing og øving i å bruke slike hjelpemiddel som fremjar ei effektiv læring og orientering i faget. Det er viktig at elevane får høve til å ta meir og meir ansvar for eiga læring. Opplæringa i språkfaga skal hjelpe elevane til å tileigne seg vedkomande språk så godt at dei kan bruke det for å skaffe seg kjennskap til og kome i kontakt med andre folk og kulturar og på den måten få del i verdfulle opplevingar. Opplæringa skal vere med på å skape grunnlag for forståing mellom menneske frå ulike språksamfunn og for personleg vekst og utvikling. Ei langsiktig målsetjing i utviklinga av den praktiske språkdugleiken til elevane er å oppnå kommunikativ kompetanse. Det vil seie dugleik i å forstå og sjølv å bruke språk som svarer til bestemte kommunikative føremål og som er høveleg i ein gitt kommunikasjonssituasjon. Det er m.a. spørsmål om - kven som kommuniserer med kven - kva kommunikasjonen dreiar seg om - kvar kommunikasjonen går føre seg og - kva slags kommunikasjon: skriftleg, munnleg, ansikt til ansikt, per telefon osv. Ei slik presisering av praktisk språkdugleik er føremålstenleg med tanke på val både av type språk, f.eks. bestemte språkf unksjonar og arbeidsmåtar. Ved å bruke bestemte språkfunksjonar kan ein gi språket ei form som er i samsvar med dei kommunikative føremåla (f.eks. å bli kjent med nokon; sjå vidare punkt 4.2). Opplæringa i samisk Gjennom arbeidet med faget samisk skal elevane skaffe seg allsidig kjennskap til samisk kultur og få ei forståing for dei verdiar denne kulturen har som skapar av allmenne verdiar. Opplæringa skal hjelpe elevane til å utvikle eit enkelt og ledig daglegspråk, munnleg og skriftleg, slik at dei kan bruke språket både i yrkessamanheng og elles i kontakt med samisktalande. Gjennom arbeidet med tekstar av ulike slag skal eleven få del i dei estetiske og etiske verdiane som ligg i samisk prosa og poesi. Gjennom tekstlesing skal dei leggje grunnlaget for ein allsidig kjennskap til samisk kultur. Språkundervisninga vil på denne måten støtte undervisninga i samiske emne i ulike fag og styrkje forståinga hos elevane for all samisk kulturytring. 3. EMNEPLAN 3.1 . Dei konsekvensane målet har for utvalet av arbeidsstoff Arbeidsstoffet må danne grunnlaget for systematisk språkleg opplæring. Dette kravet er lettast å fylle i begynnarundervisninga, som skal vere bygd på ein systematisk progresjon. Elles vil det vere nødvendig å setje saman arbeidsstoff frå ulike kjelder, og det må gradvis få eit vidare og meir variert innhald. Eit hovudkrav
Skann 359 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 357». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/359/