SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 356 skann 358

Framandspråk 356 2. MÅL Gjennom arbeidet med faget skal elevane - utvikle evna til å forstå det framande språket i tale og skrift - utvikle dugleik i å bruke språket munnleg og skriftleg - utvide kjennskapen til samfunns- og kulturforholda i det språkområdet det er tale om - skaffe seg eit grunnlag for vidare læring og orientering gjennom det språket dei tileignar seg, og få høve til å utvikle språkleg fantasi og kreativitet. Dette generelle målet gjeld for alle kursa i moderne framandspråk i den vidaregåande skolen og dannar grunnlaget for dei spesielle måla for ulike kurs. Grunnkurs i A-, B- og C-språk Ved utgangen av desse kursa skal elevane innanfor ramma av det språkstoffet som er gjennomgått, kunne - forstå daglegtale om allmenne emne - bruke språket med god uttale om emne frå dagleglivet - lese og forstå tekstar på eit rimeleg nivå for årssteget - bruke språket i friare framstillingar (t.d. brev, samandrag, stilar) om daglegdagse og allmenne emne - ha noko kjennskap til dagleglivet og samfunnsforholda i vedkomande språkområde. Undervisninga i C-språk skal dei to første åra ta sikte på - å utvikle lytte-, tale-, lese- og skriveevna slik at elevane blir i stand til å oppfatte og uttrykkje seg og vågar å bruke språket. — å utvikle interessa for å lære framande språk, stimulere språkgleda og gi elevane best mogleg grunnlag for vidare læring. - å hjelpe elevane til å forstå at dette språket er ein reiskap som kan gi dei del i verdfulle kunnskapar og opplevingar og høve til å orientere seg betre og meir direkte om menneske og tilhøve i land der språket vert nytta. 2.1 . Kommentarar til målet Denne presiseringa av målet for opplæringa er meint som ei viss rettesnor for kva ein kan krevje på ulike steg i opplæringa. Når ein vurderer krava i dei ulike språkfaga og kursa, må ein t.d. ta omsyn til at engelsk har ei vesentleg lengre opplæringstid i grunnskolen enn B-språket. Like eins må ein t.d. ta omsyn til at opplæringa i russisk vil krevje ekstra tid til å lære eit nytt alfabet. Språkopplæringa siktar mot å vere til praktisk nytte for elevane sjølve og for det arbeidet dei skal gjere i samfunnet. Ein må derfor leggje vesentleg vekt på å utvikle elevane sin dugleik i å bruke språket. Dei enkelte delane som denne dugleiken omfattar, må ein prøve å integrere i ein heilskap. Eit naturleg sentrum vil vere språkfunksjonar og kommunikativ kompetanse.
Skann 358 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 356». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/358/