SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 355 skann 357

355 Framandspråk 1. GENERELL INFORMASJON 1.1. Oversyn over språkkurs på ulike steg Ved forklaring av kurs i fagplanen blir desse nemningane brukte for språkfag på ulike steg: A-språk er engelsk B-språk er det språkfaget som elevane eventuelt har lese ved sida av engelsk i grunnskolen, og som dei held fram med i den vidaregåande skolen. Kurset i Bspråk (4 + 4) på 1. og 2. årssteget byggjer på minst to års opplæring i 2. framandspråk i grunnskolen. C-språk er språkfag som elevane først tek til å lese i den vidaregåande skolen. Kurs i C-språk er begynnerkurs som elevane kan lese i alle språkfag som skolen kan tilby undervisning i. Desse kursa går over tre år. Kurset i C-språk (4 + 4 + 4) på 1., 2. og 3. årssteg skal føre fram til same nivå som kurset i B-språk (4 + 4) og har same avsluttande eksamen. 1 .2. Kurs i moderne framandspråk 1. året 2. året 3. året Grunnkurs A-språk 5 Grunnkurs B-språk 4 4 Kurs C-språk 4 4 C-språk 444 Kurs C-språk 5 5 Elevar skal lese to framandspråk. Dei som anten berre har lese engelsk i grunnskolen eller som ikkje vil halde fram med B-språket, må lese C-språk med timefordelinga 4 + 4 + 4. Dette kurset går da inn som eitt av dei felles allmenne faga. Unntak gjeld for toårig grunnkurs med eittårig påbyggingskurs i musikk der timefordelinga er 4 + 4 + 2.
Skann 357 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 355». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/357/