SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 354 skann 356

Norsk og kommunikasjon som andrespråk med samisk førstespråk i VK II 354 prosjektarbeid og anna som elevane har arbeidd med på eiga hand og i samarbeid med andre. I vurdering av munnleg dugleik bør ein ta meir utgangspunkt i logisk framstilling og innsikt enn i uttale. Elevane kan nytte ulike arbeidsmåtar. Vurderinga av elevane sine arbeidsmåtar bør skje ut frå den vekta dei ulike arbeidsmåtane har i høve til målet for faget. Prøver må gli inn som naturlege delar av undervisninga og bør organiserast slik at dei kan motivere og fremje læringa. Det er om å gjere å finne fram til prøver som syner at eleven kan setje seg inn i eit emne, ordne det og gjere greie for det. Både for skriftlege og munnlege prøver kan det nyttast gruppeprøving og gruppevurdering når forholda ligg til rette for det. Prøver som skal dekkje fagområdet kommunikasjon, bør vere munnlege, og det bør leggjast vekt på både individuelle og kollektive prøvingsformer. Prøving av korleis elevane meistrar dei formelle framgangsmåtane når det gjeld tilrettelegging av møte og andre samkomer, bør organiserast slik at elevane får høve til å vise kva dei kan gjennom praktiske gjeremål. Prøvene må og vere knytte til det klassen driv på med, slik at elevane og kan lære noko i prøvesituasjonen. 6. HJELPEMIDDEL Til undervisninga i morsmålet må skolen ha: — eit godt utval av klassesett med norsk skjønnlitteratur i begge dei norske målformene - skolekringkastingsprogram, klassesett av teksthefta og lydband med god teknisk kvalitet - utval av innlesen skjønnlitteratur på kassettar eller plater — eit godt utval av sakprosastoff i klassesett — oppslagsbøker og hjelpebøker for opplæringa i språkleg kommunikasjon - eit godt utval av norsk skjønnlitteratur, særleg nyare litteratur, i enkeltbind i skolebiblioteket - tekniske hjelpemiddel som lydbandspelar/kassettspelar, platespelar, skriftprosjektør, filmapparat, diasframvisar og utstyr til å kopiere tekstar og bilete - ei høveleg litteraturhistorie — klassesett med norskspråkleg litteratur om samiske tilhøve - klassesett med artikkelstoff om tospråklegheit
Skann 356 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 354». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/356/