SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 353 skann 355

Norsk og kommunikasjon som andrespråk med samisk førstespråk i VK II 353 enkelte eleven ei tilpassa undervisning. Vurderinga må derfor bli ein integrert del av undervisninga og må skje kontinuerleg gjennom heile kurset. Ein sentral funksjon blir derfor å sørgje for ei slik attendeføring. Dette kan bli gjort både personleg av læraren og ved at læraren organiserer vurderinga slik at elevane sjølve må vurdere og ta standpunkt til om dei har nådd målet for faget eller ikkje. I det siste tilfellet vil læraren klart opptre som rettleiar. Denne prosessen kan ofte vere den beste måten for å påverke eleven til å lære. Ikkje berre elevane treng å vurdere kva dei har lært. Læraren treng også denne attendeføringa frå elevane for å vurdere om undervisninga har vore vellukka organisert, og for å sjå om ein bør gjere noko annleis. Kort kan ein seie at vurderinga er meint: - å orientere den enkelte eleven jamt om fagleg standpunkt og korleis han/ho står samanlikna med dei måla som er sette for arbeidet i kurset. Eit stikkord er her rettleiing. - å gi den enkelte eleven, føresette og dei som skal ta imot elevane i arbeidslivet eller i vidare utdanning eit bilete på korleis eleven står samanlikna med mål- setjinga for kurset. Eit stikkord er her kontroll. - å informere den enkelte læraren om kor vellykka undervisninga er. Det har vore ein tendens til å sjå for mykje på kontrollfunksjonen og for lite på rettleiinga. Det er derfor viktig at den enkelte læraren under kurset legg vekt på å vurdere og forbetre undervisninga mens ho er i gang, og ikkje berre einsynt har omtanke for eksamen. Læraren skal derfor konsentrere seg om rettleiing framfor kontroll når han vurderer. Dei måla som er sette opp i kapittel 2 i denne fagplanen, seier kva elevane skal kunne utføre eller gjere etter fullført kurs. Desse måla skal heile tida vere utgangspunktet når læraren jamt og ofte snakkar med enkeltelevane for å rettleie dei under arbeidet deira. Retningslinjer for å fastsetje termin- og standpunktkarakterar er gitt i forskrift om karakterar, eksamen og vitnemål m.v. 5.2. Vurdering i faget Vurderinga må knytast til elevane sitt daglege arbeid og bli ein naturleg del av skolearbeidet. Vurderinga må byggje på målet for faget og på det stoffet som elevane har arbeidd med. I målet for faget er skriftleg og munnleg bruk av språket jamstelt. Arbeidet med språkøvingar må tilretteleggjast slik at jamstellinga blir reell, og tek utgangspunkt i dei ulike føresetnadene dei forskjellige elevane har i norsk, og til at norsk er andrespråk, og ikkje norsk sidemål for elevar med norsk hovudmål. 5.2.1 . Vurdering gjennom året I vurderinga av skriftleg og munnleg dugleik må det leggjast vekt på at elevane kan ordleggje seg greitt, og på innsikt, evne og kunnskapar som elevane viser. Då læring er ein utviklingsprosess, må ein ta omsyn til skriftlege særoppgaver,
Skann 355 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 353». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/355/