SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 352 skann 354

Norsk og kommunikasjon som andrespråk med samisk førstespråk i VK II 352 4.4. Organisasjonformer Slik studieretninga for handels- og kontorfag er bygd opp, aukar den faglege spesialiseringa med klassestega. Vidaregåande kurs II vil til dømes tilby ei større fagleg spesialisering enn vidaregåande kurs I. Ein kan derfor kanskje vente noko meir homogene elevgrupperingar i dei ulike klassene/linjene på 3. årssteget. Differensieringa vil vel derfor helst gå på vektlegging av emneområde og på at ein legg til grunn ulike prioriteringar i val av arbeidsstoff. Linjedelinga legg i ein viss mon opp til ei slik differensiering. Men innanfor kvar linje vil norskfaget by elevane rike høve til differensiering etter interesse, t.d. gjennom val av - litteratur - emne for særoppgaver/foredrag - konferansetema - valfrie emne etter fagplanen Når det gjeld litteratur, vil differensieringa kunne skje gjennom val innanfor så vel sakprosa som skjønnlitteratur. Elles kan ein differensiere gjennom val av emne som klassen kan ta opp, eller som elevane arbeider med i grupper eller enkeltvis. Variasjonar i val av prosjekt og arbeidsmåtar er i seg sjølv differensiering som kan tene til å gi motiverande impulsar til å byggje vidare på. 4.5. Koordinering med andre fag Den stor valfridomen som særmerkjer faget norsk og kommunikasjon førstespråk, gjer det lett å få til integrering med andre fagområde. Gjennom emnevala kan ei hente stoff frå linjefag som marknadsføring og fellesfag som organisasjonslære. Det vil og vere mogleg å koordinere arbeidsformene. Tilrettelegging av møte og konferansar vil ha naturleg tilknyting til organisasjonslæra. Det same vil arbeid i grupper ha. Særleg viktig er det at norsk andrespråk blir koordinert med samisk førstespråk. Dette kan gjerast organisatorisk, der ein tek opp felles emne i fellestimar eller gjennom samarbeid mellom lærarane i dei to faga. 5. VURDERING 5.1 . Generell innleiing Dei generelle retningslinjene for å vurdere og setje karakterar er gitt i del 1, kapittel 8, i læreplanen. I skolen som elles i samfunnet treng ein å vurdere kontinuerleg den verksemda ein held på med. Dei generelle måla og dei meir spesielle faglege måla i skolen må ein analysere som utgangspunkt for å vurdere skolen generelt. Oppgåva er å vurdere samsvaret mellom desse måla og dei faglege prestasjonane til den enkelte eleven. Vurderinga skal i første rekkje vere til hjelp i arbeidet med å gi den
Skann 354 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 352». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/354/