SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 351 skann 353

Norsk og kommunikasjon som andrespråk med samisk førstespråk i VK II 351 4.2.2. Frie munnlege aktivitetar vil vere viktige delar av opplæringa i faget. Til dømes: — orienteringar og stoffgjennomgåing - spørsmål og svar — samtalar og ordskifte - rollespel 4.2.3. Munnlege framføringar av case-løysingar eller elevforedrag, gjerne med andre elevar som opponentar, med det føremålet å hjelpe elevane til: -ein klar og sikker uttale - ei klar, sakleg framføring av stoffet - dokumentasjon 4.2.4. Tolking og presisering av ord og uttrykk for å hjelpe elevane til: — logisk analyse av ulike tekstar — å uttrykkje seg gjennom presise og klare formuleringar — å utvikle ordforrådet Desse øvingane vil vere både skriftlege og munnlege. Passande tekstar å arbeide med vil vere oppgåvetekstar som ein nyttar til skoleprøve, reklametekstar, artiklar frå fagtidsskrift etc. Under dette arbeidet vil det høve å drøfte kjeldebruk, kjeldekritikk, objektivitet, subjektivitet, kriterium for kva som er sant og truverdig. 4.2.5. Under arbeidet med litteraturen bør ein setje seg grundig inn i dei litterære verka som ein les. Ein skal tileigne seg litteraturhistoriske kunnskapar omkring forfattar og tidbolk. Dette kan hjelpe elevane til å sjå at litteraturen kan hende kan fortelje noko om den tida han vart skriven i, og inspirere til vidare lesing. Dei litterære verka bør veljast i samarbeid med elevane, og det vil vere ein fordel om dei ulike arbeidsgruppene dekkjer eit størst mogleg område. På den måten ville det vere mogleg å kaste lys over litteraturomgrepa frå fleire synsvinklar. 4.3. Undervisningsformer Læraren bør skifte mellom ulike undervisningsformer ut frå føresetnadene, ønska og emneområde til kvar elev, så vel som ut frå dei ressursane skolen har. Ein bør variere mellom klasseundervisning og gruppeundervisning. Ved meir differensierte arbeidsformer bør gruppearbeidsforma veljast. Arbeidssituasjonen på skolen bør i så stor mon som mogleg gjerast lik den elevane vil møte seinare i livet, anten det gjeld framtidige yrkesfunksjonar eller vidare studium.
Skann 353 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 351». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/353/