SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 350 skann 352

Norsk og kommunikasjon som andrespråk med samisk førstespråk i VK II 350 3.3.4. Andre kommentarar til emnelista Ein må gå ut frå at elevane meistrar grunnreglane i grammatikken før dei tek til i vidaregåande kurs 11. Hovudtyngda må no leggjast på praktisk språkbruk og på korleis språket verkar i ulike samanhengar og situasjonar. Utgangspunktet må vere «kven seier kva til kven - når, korleis, kvifor, og med kva for verknad?» Analyse av språkbruk må gå ut på å undersøkje ein tekst frå desse synsstadene: — måten språkbrukaren nyttar språket på - innhaldet i teksten og den informasjonen som teksten gir — lykkast sendaren med føremålet sitt? I hovudsak vil ein slik analyse gå ut på å avdekkje føremålet med ulike ordleggingsmåtar, tolking av argument og vurdering av innhald og det tenkjesettet innhaldet byggjer på. 4. ARBEIDSMÅTAR 4.1 . Arbeidet med faget Faget norsk og kommunikasjon andrespråk bør i stor mon vere knytt til elevane sin eigen livssituasjon. Arbeidsoppgåvene og arbeidsmåtane gjer faget holdningsskapande. Difor vil sjølve læringsprosessen stå sentralt i dette faget. Elevane må sjølve venje seg til å planleggje arbeidsoppgåvene sine og ta ansvaret for si eiga læring. Det er viktig at dei får høve til å samarbeide om løysing av dei ulike arbeidsoppgåvene i faget. Arbeidsoppgåvene må ta sikte mot - å utvikle elevane sine evner til sjølvstendig, kritisk og sakleg vurdering, til toleranse og samarbeidsvilje - å utvikle elevane sine interesser for aktuelle problemområde - å gi elevane opplæring i sunne og effektive arbeidsvanar - å gi elevane høve til å tileigne seg større forståing for og innsikt i problem og situasjonar som for dei er meiningsfylte - å gi elevane innsikt i den språklege og kulturelle situasjonen dei står i til dagleg - å auke ordforrådet til elevane i norsk, skriftleg og munnleg 4.2. Arbeidsformer 4.2.1. Slik skolen si generelle målsetjing er, og slik målet for faget er formulert, bør elevane m.a. få opplæring i å arbeide i grupper. Klassen kan t.d. få ansvaret for å arrangere ein konferanse om eit bestemt tema med foredragshaldar utafrå (eller ein kan nytta skolen sine lærarar). Eit slikt arrangement vil og kunne ha interesse for andre fag (t.d. organisasjonslære og marknadsføring), og elevane vil få trening i møteleiing, diskusjonsteknikk osv. som høyrer naturleg inn under eit slikt arrangement.
Skann 352 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 350». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/352/