SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 349 skann 351

Norsk og kommunikasjon som andrespråk med samisk førstespråk i VK II 349 B. TILVALSSTOFF skjønnlitteratur og triviallitteratur film og teater dramatisk framføring særoppgave knytt til litteratur eller litteraturhistorie samane i nordisk litteratur rocke- og poptekstar vekebladlitteratur 3.3. Kommentarar til emnelista 3.3.1 . Språket som reiskap i kommunikasjon Elevane må få høve til å nytte språket i ulike munnlege samanhengar. Det er og viktig at elevane får øving i å vere både sendar og mottakar. I stor mon må elevane og få arbeide med tolkings- og presiseringsoppgåver. Dei må kunne skilje mellom dei ulike formene for utsegner som blir nytta som definisjonar, påstandar og argument. Slik må ein kunne auke elevane si evne i å lese våre to offisielle målformer. Enkle stilistiske omgrep og metodar må kunne nyttast i arbeidet med dei ulike tekstane. Ein tenkjer her på at elevane skal kunne peike ut og vurdere bruk av reklamebilete. På same vis må elevane og kunne få øving i å skilje ut og drøfte døme på god og dårleg stil. 3.3.2. Undervisningsspråk Elevane bør for språktreninga si skuld i norsk bruke norsk i norsktimane, så langt råd er. På denne måten kan elevane 6g bli trygge i å snakke norsk ved å øve seg i ein klasse der elevane kjenner kvarandre. Likevel må ein unngå å tvinge elevane til å snakke norsk i samanhengar der det er naturleg for dei å bruke samisk. Læraren bør heller ikkje rette for mykje på uttalen hos elevane, men heller vere inspirator. Han eller ho må så langt råd er ta utgangspunkt i samisk språk når problem oppstår. 3.3.3. Arbeidsmåtar som ein del av læringsprosessen Arbeidsmåtar er i seg sjølv læring. I ulikt omfang har elevane tidlegare fått ei viss innføring i enkle studie- og arbeidsteknikkar. Denne planen legg stor vekt på arbeid i grupper. Dette er emne til læring som speglar av den utviklinga og den endringa i arbeidsmåtar som blir meir og meir vanleg i arbeidslivet, i høgre utdanning og i vaksenopplæringa. Kollektive arbeidsmåtar har i dag etter måten stor plass i den verda som møter elevane utafor skolen. I ei slik ramme får læraren ei ny rolle. Han eller ho blir rettleiar for elevane i deira arbeid med å finne fram til kjelder for kunnskapar, og for strevet deira med å få arbeidsfellesskapet til å verke.
Skann 351 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 349». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/351/