SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 345 skann 347

Norsk og kommunikasjon som andrespråk med samisk førstespråk i VK II 345 3. ARBEIDSSTOFF 3.1 . Utval av arbeidsstoff Dei elevane som begynner i vidaregåande kurs 11, har hatt to års opplæring i norsk i vidaregåande skole. Dette grunnlaget må vere utgangspunkt for den faglege fordjupinga 3. skoleåret. Så langt råd er, må undervisninga byggje på elevane sitt nivå, både når det gjeld kunnskapar, mognad og røynsle. I dette kurset vil ein ofte finne elevar som har vore ute i arbeidslivet i kortare eller lengre tid. Desse vil kunne vere ei kjelde til motivering på ymse vis. Studieretninga har fleire linjer som innbyrdes har ei viss eigenart. I norskfaget bør det derfor vere stor valfridom til fordjuping innanfor dei bruksområda som elevane siktar mot med utdanninga si. Det kan styrkje både faget sin eigenverdi og motivasjonen til elevane til å sjå faget som ein del av ein større heilskap. Men norskfaget sin allmenne karakter må likevel vere viktigast. Det må leggjast vekt på arbeidsmåtar som fremjar elevane sine eigne meiningar om læremetodar og kravet om innsikt i og forståing av kommunikasjon i mellommenneskelege tilhøve. Ein del stoff bør vere frå lokalsamfunnet og frå område i verda der det er tilsvarande kulturelle og språklege tilhøve som på Nordkalotten. 3.1.1. Generelt Planen er felles for norskfaget på alle linjene i studieretninga. Samstundes er det eit fag som i stor mon gir rom for personleg initiativ hos elevar og lærarar når det gjeld val av lærestoff og val av emne til fordjuping. Emnelista er derfor bygd opp kring kjernestoff som inneheld døme på kva slags emne som skal gjennomgåast. I tillegg viser lista til ei rad emne som elevane kan arbeide med etter ønske og interesse. Faget er delt i ein munnleg og ein skriftleg del. Norsk og kommunikasjon bør vere ei heilskap, der munnlege og skriftlege aktivitetar skiftar etter metode og opplegg. Alle skriftlege og munnlege aktivitetar og oppgåver bør derfor inngå i denne heilskapen som praktisk kommunikasjon. Når det gjeld litteraturen som skal lesast, må det vere stor valfridom. Elevane må få ta del i dette valet så mykje som råd er. Både sakprosa og skjønnlitteratur må høyre med i tekstutvalet. Ein kan arbeid med litteratur på ulike måtar, men det er viktig å plassere han i ein samanheng. Dersom ein dg ser på vidaregåande kurs I og II som ein heilskap, vil det vere ønskjeleg at ein siktar mot å gi eit tverrsnitt av den litterære tradisjonen vår frå 1900 og fram til i dag. God litteratur er ikkje bunden av visse tidbolkar. Dei problema og emna som er tekne opp i god dikting, er svært ofte universelle og allmennmenneskelege og bør ikkje vere ukjende for elevane. I alt arbeid som er knytt til litteratur, må begge målformene vere representerte i tekstutvalet. Sjølv om elevane ikkje skal ha skriftleg opplæring i den andre målforma, må dei kunne greie å lese og forstå denne. Ein del av elevane må rekne med å måtte bruke den andre norske målforma i arbeidslivet i kommunar og fylke som har denne målforma.
Skann 347 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 345». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/347/