SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 344 skann 346

Norsk og kommunikasjon som andrespråk med samisk førstespråk i VK II 344 - få høve til å arbeide med skjønnlitteratur og sakprosa - få eit vidare innblikk i ein tospråkleg situasjon både i Norden og andre stader i verda, og kva rolle dette spelar i kommunikasjonsprosessen I undervisninga må ein og ha for auge norskfaget si spesielle stilling når det gjeld formidling av ein kulturarv til nye generasjonar, sidan mykje av samisk kulturarv er blitt presentert på norsk oppetter historia. Elevane må få høve til å utvikle sansen for kulturelle og estetiske verdiar. 2.1 . Kommentarar til målet Norsk og kommunikasjon andrespråk er både eit allmennfag, eit reiskapsfag og eit kulturformidlingsfag. Samstundes som det skal tene til å utvikle og mogne elevane, skal det gi rettleiing, øving og innsikt i dei prosessane som knyter seg til kommunikasjon mellom menneska i deira ulike livstilhøve i eit fleirkulturelt samfunn. Kommunikasjon må i denne planen tolkast i vid tyding. Når ein her taler om kommunikasjon, meiner ein det samspelet som går føre seg mellom menneska når ein bodskap skal formidlast og takast imot. I eit slik samspel ligg og forståing av korleis språket fungerer i ulike situasjonar, og språket som ein praktisk reiskap i dagleg bruk. Den sosiale situasjonen som språket verkar i, vil måtte stå sentralt i undervisninga. Frå ein slik synsstad vil kommunikasjon og femne om praktisk innføring i møteleiing, ordskifte, og oppøving av sjølvtillit og evna til å bruke eit andrespråk i ulike samanhengar innafor og utafor eit samisk lokalsamfunn. Då studieretning for handels- og kontorfag er retta mot det praktiske yrkeslivet, må ein i arbeidet med faget leggje vekt på dei funksjonane norsk har i ulike yrkessamanhengar. Her kan nemnast munnleg formidling og forklaring av ein norsk tekst til eit publikum (tolketeneste). Opplæringa i formell språkbruk må og ta utgangspunkt i kommunikasjonslære. I tredje skoleåret må det vere ein føresetnad at elevane har nådd så langt i utvikling og mognad at det kan stillast krav til logisk evne og resonnement. Lesinga av skjønnlitteratur og sakprosa skal først og fremst ta sikte på å hjelpe elevane til personleg vekst og mognad og til å auke ordforrådet. Målet må vere at elevane blir sette i stand til å lese med rikare utbytte og større glede. Drøfting og vurdering av innhald og form må knytast til spørsmål som tener til forståing av kjensler og holdningar, meir enn til kunnskapar om stil og struktur. Litteraturlesinga bør elles stø opp under den allmenne samfunns- og kulturorienteringa som er ein viktig del av norskfaget si generelle målsetjing. Begge dei norske målformene må vere representert i det litteraturutvalet ein les. Norsk har to jamstelte offisielle skriftmål. Ei fullgod norskopplæring må gi elevane litt kjennskap til begge målformene og byggje opp ei positiv holdning til denne delen av norskopplæringa. Det er derfor viktig at elevane får noko kjennskap til språkhistoria, og for å kunne sjå samanhengar mellom samisk og norsk språkhistorie.
Skann 346 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 344». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/346/