SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 343 skann 345

343 Norsk og kommunikasjon som andrespråk for elevar med samisk som førstespråk i VK II i studieretning for handel og kontor 1. GENERELL INFORMASJON Denne fagplanen gjeld for elevar som har hatt norsk som andrespråk og samisk som førstespråk i grunnkurset og vidaregåande kurs I i studieretning for handelsog kontorfag. Norsk høyrer til dei felles allmenne faga i studieretning for handels- og kontorfag. Faget har 3 timar i vidaregåande kurs 11. Sjølv om kvart år er avslutta einingar, må ein for progresjonen si skuld sjå fagplanane for dei tre åra i samanheng. Norsk og kommunikasjon andrespråk er eit felles fag for alle linjene i VK 11. I høve til grunnkurset og vidaregåande kurs I, der ein i norskundervisninga legg vekt på fagleg innføring og oversyn, vil det bli eit kurs med vekt på fordjuping. Ein må vidare hugse at norsk andrespråk skal stø opp om førstespråket og daglegspråket til elevane som er samisk. Dette må få konsekvensar for val av litteratur og for undervisningsform. 2. MÅL Gjennom arbeidet med faget norsk og kommunikasjon andrespråk skal elevane - få øving i å ordleggje seg naturleg, klart og presist, både munnleg og skriftleg - få innsikt i dei prosessane som er ein føresetnad for munnleg og skriftleg kommunikasjon - utvikle evna til sjølvstendig og kritisk vurdering av tekstar og massemedium generelt - få ei positiv holdning til kultur, og få forståing for kor viktig kultur er for eit samfunn - skape eit grunnlag for å forstå samfunnet dei lever i, både det lokale samiske samfunnet og storsamfunnet som omgir dette. Dette for å utvikle evna til toleranse og å greie å halde på sin identitet, og utvikle samarbeid mellom folkegruppene i eit fleirkulturelt samfunn
Skann 345 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 343». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/345/