SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 340 skann 342

Norsk og kommunikasjon som førstespråk med samisk andrespråk i VK II 340 Når det gjeld litteratur, vil differensieringa kunne skje gjennom val innanfor så vel sakprosa som skjønnlitteratur. Elles kan ein differensiere gjennom val av emne som klassen kan ta opp, eller som elevane arbeider med i grupper eller enkeltvis. Variasjonar i val av prosjekt og arbeidsmåtar er i seg sjølv differensiering som kan tene til å gi motiverande impulsar til å byggje vidare på. 4.5. Koordinering med andre fag Den store valfridomen som særmerkjer faget norsk og kommunikasjon førstespråk, gjer det lett å få til integrering med andre fagområde. Gjennom emnevala kan ein hente stoff frå linjefag som marknadsføring, sosialøkonomi og organisasjonslære osv. Det vil og vere mogleg å koordinere arbeidsformene. Tilrettelegging av møte og konferansar vil ha naturleg tilknyting til organisasjonslæra. Det same vil arbeid i grupper ha. Det er særleg viktig å få til samarbeid mellom første- og andrespråk. 5. VURDERING 5.1. Generell innleiing Dei generelle retningslinjene for å vurdere og setje karakterar er gitt i del 1, kapittel 8, i læreplanen. I skolen som elles i samfunnet treng ein å vurdere kontinuerleg den verksemda ein held på med. Dei generelle måla og dei meir spesielle faglege måla i skolen må ein analysere som utgangspunkt for å vurdere skolen generelt. Oppgåva er å vurdere samsvaret mellom desse måla og dei faglege prestasjonane til den enkelte eleven. Vurderinga skal i første rekkje vere til hjelp i arbeidet med å gi den enkelte eleven ei tilpassa undervisning. Vurderinga må derfor bli ein integrert del av undervisninga og må skje kontinuerleg gjennom heile kurset. Ein sentral funksjon blir derfor å sørgje for ei slik tilbakemelding. Dette kan bli gjort både personleg av læraren og ved at læraren organiserer vurderinga slik at elevane sjølve må vurdere og ta standpunkt til om dei har nådd målet for faget eller ikkje. I det siste tilfellet vil læraren klart opptre som rettleiar. Denne prosessen kan ofte vere den beste måten for å påverke eleven til å lære. Ikkje berre elevane treng å vurdere kva dei har lært. Læraren treng også denne tilbakemeldinga frå elevane for å vurdere om undervisninga har vore vellukka organisert, og for å sjå om ein bør gjere noko annleis. Kort kan ein seie at vurderinga er meint: — å orientere den enkelte eleven jamt om fagleg standpunkt og korleis han/ho står samanlikna med dei måla som er sette for arbeidet i kurset. Eit stikkord er her rettleiing. å gi den enkelte eleven, føresette og dei som skal ta imot elevane i arbeidslivet eller i vidare utdanning eit bilete på korleis eleven står samanlikna med mål- setjinga for kurset. Eit stikkord er her kontroll. å informere den enkelte læraren om kor vellukka undervisninga er.
Skann 342 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 340». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/342/