SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 339 skann 341

Norsk og kommunikasjon som førstespråk med samisk andrespråk i VK II 339 4.2.4. Tolking og presisering av ord og uttrykk for å hjelpe elevane til: - logisk analyse av ulike tekstar - å uttrykkje seg gjennom presise og klare formuleringar Desse øvingane vil vere både skriftlege og munnlege. Passande tekstar å arbeide med vil vere oppgåvetekstar som ei nyttar til skoleprøve, reklametekstar, artiklar frå fagtidsskrift etc. Under dette arbeidet vil det høve å drøfte kjeldebruk, kjeldekritikk, objektivitet, subjektivitet og kriterium for kva som er sant og truverdig. 4.2.5. Under arbeidet med litteraturen bør ein setje seg grundig inn i dei litterære verka som ein les. Ein skal tileigne seg litteraturhistoriske kunnskapar omkring forfattar og tidbolk. Dei litterære verka bør veljast i samarbeid med elevane, og det vil vere ein fordel om dei ulike arbeidsgruppene dekkjer eit størst mogleg område. På den måten ville det vere mogleg å kaste lys over litteraturomgrepa frå fleire synsvinklar. 4.3. Undervisningsformer Læraren bør skifte mellom ulike undervisningsformer ut frå føresetnadene, ønska og emneområde til kvar elev, så vel som ut frå dei ressursane skolen har. Ein bør variere mellom klasseundervisning og gruppeundervisning. Ved meir differensierte arbeidsformer bør gruppearbeidsforma veljast. Arbeidssituasjonen på skolen bør i så stor mon som mogleg gjerast lik den elevane vil møte seinare i livet, anten det gjeld framtidige yrkesfunksjonar eller vidare studium. Ekskursjonar til og samarbeid med bedrifter i lokalsamfunnet bør komme inn her. 4.4. Organisasjonsformer Slik studieretninga for handels- og kontorfag er bygd opp, aukar den faglege spesialiseringa med klassestega. Vidaregåande kurs II vil til dømes tilby ein større fagleg spesialisering enn vidaregåande kurs I. Ein kan derfor kanskje vente noko meir homogene elevgrupperingar i dei ulike klassene/linjene på 3. årssteget. Differensieringa vil vel derfor helst gå på vektlegging av emneområde og på at ein legg til grunn ulike prioriteringar i val av arbeidsstoff. Linjedelinga legg i ein viss mon opp til ei slik differensiering. Men innanfor kvar linje vil norskfaget by elevane rike høve til differensiering etter interesse, t.d. gjennom val av - litteratur - emne for særoppgaver/foredrag - konferansetema - valfrie emne etter fagplanen
Skann 341 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 339». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/341/