SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 341 skann 343

Norsk og kommunikasjon som førstespråk med samisk andrespråk i VK II 341 Det har vore ein tendens til å sjå for mykje på kontrollfunksjonen og for lite på rettleiinga. Det er derfor viktig at den enkelte læraren under kurset legg vekt på å vurdere og forbetre undervisninga mens ho er i gang, og ikkje berre einsynt ha omtanke for eksamen. Læraren skal derfor konsentrere seg om rettleiing framfor kontroll når han vurderer. Dei måla som er sette opp i kapittel 2 i denne fagplanen, seier kva elevane skal kunne utføre eller gjere etter fullført kurs. Desse måla skal heile tida vere utgangspunktet når læraren jamt og ofte snakkar med enkeltelevane for å rettleie dei under arbeidet deira. Når læraren vurderer formelt, skal han/ho vurdere kor godt eleven har nådd måla og/eller kor mange mål eleven har nådd. Retningslinjer for å fastsetje termin- og standpunktkarakterar er gitt i forskrift om karakterar, eksamen og vitnemål m.v. 5.2. Vurdering i faget Vurderinga må knytast til elevane sitt daglege arbeid og bli ein naturleg del av skolearbeidet. Vurderinga må byggje på målet for faget og på det stoffet som elevane har arbeidd med. I målet for faget er skriftleg og munnleg bruk av språket jamstelt. Arbeidet med munnlege språkøvingar må tilretteleggjast slik at jamstillinga blir reell. 5.2.1. Vurdering gjennom året I vurderinga av skriftleg og munnleg dugleik må det leggjast vekt på at elevane kan ordleggje seg greitt, og på innsikt, øving og kunnskapar som elevane viser. Då læring er ein utviklingsprosess, må ein ta omsyn til skriftlege særoppgaver, prosjektarbeid og anna som elevane har arbeidd med på eiga hand og i samarbeid med andre. Elevane kan nytte ulike arbeidsmåtar. Vurderinga av elevane sine arbeidsmåtar bør skje ut frå den vekta det er lagt på dei ulike arbeidsmåtane i målet for faget. Prøver må gli inn som naturlege delar av undervisninga og bør organiserast slik at dei kan motivere og fremje læringa. Det er om å gjere å finne fram til prøver som syner at eleven kan setje seg inn i eit emne, ordne det og gjere greie for det. Både for skriftlege og munnlege prøver kan det nyttast gruppeprøving og gruppevurdering når forholda ligg til rette for det. Prøver som skal dekkje fagområdet kommunikasjon, bør vere munnlege, og det bør leggjast vekt på å sjå til gode både individuelle og kollektive prøvingsformer. Prøving av korleis elevane meistrar dei formelle framgangsmåtane når det gjeld tilrettelegging av møte og andre samkomer, bør organiserast slik at elevane får høve til å vise kva dei kan gjennom praktiske gjeremål. Prøvene må 6g vere knytte til det klassen driv på med, slik at elevane dg kan lære noko i prøvesituasjonen.
Skann 343 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 341». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/343/