SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 337 skann 339

Norsk og kommunikasjon som førstespråk med samisk andrespråk i VK II 337 B. TILVALSSTOFF skjønnlitteratur og triviallitteratur film og teater dramatisk framføring - særoppgave knytt til litteratur eller litteraturhistorie 3.3. Kommentarar til emnelista 3.3.1. Språket som reiskap i kommunikasjon Elevane må få høve til å nytte språket i ulike skriftlege og munnlege samanhengar. Det er også viktig at elevane får øving i å vere både sendar og mottakar. I stor mon må elevane og få arbeide med tolkings- og presiseringsoppgåver. Dei må kunne skilje mellom dei ulike formene for utsegner som blir nytta som definisjonar, påstandar og argument. Enkle stilistiske omgrep og metodar må kunne nyttast i arbeidet med dei ulike tekstane. Ein tenkjer her på at elevane skal kunne peike ut og vurdere bruk av bilete, bruk av ulike typar stil, vanskegrad og forholdet mellom objektivitet og subjektivitet. På same vis må elevane og kunne få øving i å skilje ut og drøfte døme på god og dårleg stil. 3.3.2. Arbeidsmåtar som ein del av læringsprosessen Arbeidsmåtar er i seg sjølv læring. I ulikt omfang har elevane tidlegare fått ei viss innføring i enkle studie- og arbeidsteknikkar. Denne planen legg stor vekt på arbeid i grupper. Dette er emne til læring som speglar av den utviklinga og den endringa i arbeidsmåtar som blir meir og meir vanleg i arbeidsliv, i høgare utdanning og i vaksenopplæring. Kollektive arbeidsmåtar har i dag etter måten stor plass i den verda som møter elevane utafor skolen. I ei slik ramme får læraren ei ny rolle. Han eller ho blir rettleiar for elevane i deira arbeid med å finne fram til kjelder for kunnskapar og for strevet deira med å få arbeidsfellesskapet til å verke. 3.3.3. Andre kommentarar til emnelista Ein må gå ut frå at elevane meistrar grunnreglane i grammatikk før dei tek til i vidaregåande kurs 11. Hovudtyngda må no leggjast på praktisk språkbruk og på korleis språket verkar i ulike samanhengar og situasjonar. Utgangspunktet må vere «kven seiar kva til kven - når, korleis, kvifor, og med kva for verknad?» Analyse av språkbruk må gå ut på å undersøkje ein tekst frå desse synsstadene: - måten språkbrukaren nyttar språket på - innhaldet i teksten, og den informasjonen som teksten gir - tilhøvet mellom sendar og mottakar I hovudsak vil ein slik analyse gå ut på å avdekkje føremålet med ulike ordleggingsmåtar, tolking av argument og vurdering av innhald og det tenkjesettet innhaldet byggjer på.
Skann 339 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 337». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/339/