SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 336 skann 338

Norsk og kommunikasjon som førstespråk med samisk andrespråk i VK II 336 3.2.2. Arbeidsliv og kommunikasjon A. KJERNESTOFF I. Kommunikasjonsformer i arbeids- og organisasjonsliv - skriftlege og munnlege kommunikasjonsformer - tolketeneste - psykologiske og sosiologiske forhold som verkar inn på kommunikasjonen mellom ulike språkgrupper i eit tospråkleg samfunn 11. Møte og konferansar som arbeidsform - møteleiing - formelle og uformelle ordskifte — reglar for stemmegjeving - foredrag B. TILVALSSTOFF - bruk av audio-visuelle hjelpemiddel - opplegg til gjennomføring av ekskursjonar - særoppgave om emne som er knytte til arbeidsliv 3.2.3. Massemedium og kommunikasjon A. KJERNESTOFF Tilhøvet mellom sendar og mottakar i aviser og andre massemedium - objektivitet og påverknad — kritisk vurdering av innhald og bodskap - reklame- og underhaldningsspråk B. TILVALSSTOFF - økonomi og massemedium - massemedium som holdningsskapar 3.2.4. Skjønnlitteratur og sakprosa A. KJERNESTOFF to representative norske verk, eitt frå 19. og eitt frå 20. hundreåret. Det eine verket kan vere ein antologi (dikt, noveller, essay). Om ein vel ein antologi, kan halvparten erstattast av temalesing. eit representativt utval av sakprosa tekstar. Ein del av desse må vere henta frå lokalmiljøet og frå fleirkulturelle samfunn andre stader i verda.
Skann 338 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 336». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/338/