SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 333 skann 335

Norsk og kommunikasjon som førstespråk med samisk andrespråk i VK II 333 3. ARBEIDSSTOFF 3.1 . Utval av arbeidsstoff Dei elevane som begynner i vidaregåande kurs 11, har hatt to års opplæring i norsk i vidaregåande skole. Dette grunnlaget må vere utgangspunktet for den faglege fordjupinga i 3. skoleåret. Så langt råd er, må undervisninga byggje på elevane sitt faktiske nivå, både når det gjeld kunnskapar, mognad og røynsle. I dette kurset vil ein ofte finne elevar som har vore ute i arbeidslivet i kortare eller lengre tid. Desse vil kunne vere ei kjelde til motivering på ymse vis. Ein del av stoffet må hentast frå elevane sitt lokalmiljø og frå samisk kultur i Noreg, Sverige og Finland. Studieretninga har fleire linjer som innbyrdes har ei viss eigenart. I norskfaget bør det derfor vere stor valfridom til fordjuping innanfor dei bruksområda som elevane siktar mot med utdanninga si. Det kan styrkje både faget sin eigenverdi og motivasjonen til elevane til å sjå faget som ein del av ein større heilskap. Men norskfaget sin allmenne karakter må likevel vere viktigast. Det må leggjast sterk vekt på arbeidsmåtar, elevane sine eigne meiningar om læremetodar og kravet om innsikt og forståing av kommunikasjon i mellommenneskelege tilhøve. 3.1.1. Generelt Planen er felles for norskfaget på alle linjene i studieretninga. Samstundes er det eit fag som i stor mon gir rom for personleg initiativ hos elevar og lærarar når det gjeld val av lærestoff og val av emne til fordjuping. Emnelista er derfor bygd opp kring eit kjernestoff som inneheld døme på kva slags emne som skal gjennomgåast. I tillegg viser lista til ei rad emne som elevane kan arbeide med etter ønske og interesse. Faget er delt i ein munnleg og ein skriftleg del. Norsk og kommunikasjon bør vere ein heilskap, der munnlege og skriftlege aktivitetar skiftar etter metode og °PP le gg- . . ... Alle skriftlege og munnlege aktivitetar og oppgåver bør derfor inngå i denne heilskapen som praktisk kommunikasjon. Når det gjeld litteraturen som skal lesast, må det vere stor valfridom. Elevane må få ta del i dette valet så mykje som råd er. Både sakprosa og skjønnlitteratur må høyre med i tekstutvalet. Ein kan arbeide med litteratur på ulike måtar, men det er viktig å plassere han i ein samanheng. Dersom ein og ser på vidaregåande kurs I og II som ein heilskap, vil det vere ønskjeleg at ein siktar mot å gi eit tverrsnitt av den litterære tradisjonen vår frå ca. 1860 og fram til i dag. Ein del av litteraturen bør vere frå det samiske området. Studieretninga for handels- og kontorfag har ikkje historie i fagkrinsen. Det vil derfor vere norskfaget som må gi samanheng mellom fortid og notid. God litteratur er ikkje bunden til visse tidbolkar. Dei problema og emna som er tekne opp i god dikting, er svært ofte universelle og allmennmenneskelege og bør ikkje vere ukjende for elevane.
Skann 335 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 333». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/335/