SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 332 skann 334

Norsk og kommunikasjon som førstespråk med samisk andrespråk i VK II 332 I undervisninga må ein og ha for auge norskfaget si spesielle stilling når det gjeld formidling av kulturarven til nye generasjonar. Elevane må få høve til å utvikle sans for kulturelle og estetiske verdiar, og bli glad i kulturbakgrunnen sin, slik at den kan tene dei og støtte dei i arbeids- og samfunnslivet. 2.1. Kommentarar til målet Norsk og kommunikasjon førstespråk er både eit allmennfag og eit reiskapsfag. Samstundes som det skal tene til å utvikle og mogne elevane, skal det gi rettleiing, øving og innsikt i dei prosessane som knyter seg til kommunikasjon mellom menneska i deira ulike livstilhøve. Kommunikasjon må i denne planen tolkast i vid tyding. Når ein her taler om kommunikasjon, meiner ein det samspelet som går føre seg mellom menneska når ein bodskap skal formidlast og takast imot. I eit slikt samspel ligg og forståing av korleis språket fungerer i ulike situasjonar, og språket som ein praktisk reiskap i dagleg bruk. Den sosiale situasjonen som språket verkar i, vil måtte stå sentralt i undervisninga. Frå ein slik synsstad vil kommunikasjon og femne om praktisk innføring i møteleiing og ordskifte. Då studieretning for handels- og kontorfag er retta mot det praktiske yrkeslivet, må ein i arbeidet med faget leggje vekt på dei funksjonane morsmålet har i yrkessammenheng. Her inngår og å forklare og leggje fram stoff for folk med samisk språkbakgrunn. Opplæringa i formell språkbruk må og ta utgangspunkt i kommunikasjonslære. I tredje skoleåret må det vere ein føresetnad at elevane har nådd så langt i utvikling og mognad at det kan stillast krav til logisk evne og resonnement. Lesinga av skjønnlitteratur og sakprosa skal først og fremst ta sikte på å hjelpe elevane til personleg vekst og mognad og til å bli flinke til å bruke norsk, skriftleg og munnleg. Målet må vere at elevane blir i stand til å lese med rikare utbytte og større glede. Drøfting og vurdering av innhald og form må knytast til spørsmål som tener til forståing av kjensler og holdningar, meir enn til kunnskapar om stil og struktur. Litteraturlesinga bør elles stø opp under den allmenne samfunns- og kulturorienteringa som er ein viktig del av norskfaget si generelle målsetjing. Begge målformene må vere representerte i det litteraturutvalet ein les. Morsmålet her i landet har to jamstelte offisielle skriftmål. Ei fullgod norskopplæring må gi elevane kunnskapar om begge målformene og byggje opp ei positiv holdning til denne delen av morsmålsopplæringa. Ein må og dra fram verdien den andre målforma kan ha, både som språkleg reiskap og som kulturberar. Det er derfor viktig at elevane får kjennskap til dei viktigaste målmerka og dialektgrensene her i landet, og til nokre trekk frå språkhistoria. Alt dette kan gi elevane hjelp til å setje dei to daglegspråka sine, norsk og samisk, inn i ein større samanheng, vise korleis dynamikken i eit språk er og korleis ytre tilhøve verkar på eit språk.
Skann 334 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 332». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/334/