SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 334 skann 336

Norsk og kommunikasjon som førstespråk med samisk andrespråk i VK II 334 I alt arbeid som er knytt til litteraturen, må ein av målformene vere representert med minst ein tredel av tekstutvalet. Eit av måla for norskfaget er å gi opplæring i god språkbruk. Men «god språkbruk» er ikkje eit eintydig omgrep. Den språklege uttrykksmåten vil bli styrt av situasjonen som språket verkar i, og av emne, innhald, føremål og tilhøvet mellom den som gir uttrykk for noko og den som tek imot. I denne planen er alt dette kalla kommunikasjon. 3.1 .2. Munnleg bruk av språket Munnleg norsk vil dekkje mange ulike aktivitetar. Det er viktig at aktivitetane i den munnlege delen av faget blir sedde på som ein del av læringsprosessen og ein del av det daglege skolearbeidet. Ein tenkjer t.d. på - å kunne gjere greie for saksforhold og samanhengar, som t.d. å føre fram eit resonnement og kunne gi oversyn - å kunne gi att fritt noko ein har lest, høyrt eller opplevd, som t.d. oppleving av litterære tekstar, teaterframsyningar, filmar - å kunne ta del i aktivitetar og samarbeid i grupper - å kunne førebu foredrag og ta del i ordskifte - å nytte talemål og kunne tolerere talemål og godta dette som ei naturleg uttrykksform, og som ei vesentleg del av identiteten til den einskilde - å ta imot og nytte informasjon i ulike situasjonar - å få ei gruppe elevar eller klassen til å planleggje og gjennomføre større tilskipingar, som t.d. større møte og opplegg for ordskifte - å rettleie munnleg om eit emne for folk med dårlege kunnskapar i norsk, og tolke frå eit språk til eit anna 3.1 .3. Skriftleg bruk av språket Målet for dei skriftlege øvingane er å gi den einskilde eleven høve til å skaffe seg øving i å uttrykkje skriftleg tankane, meiningane og kjenslene sine på ein klar, logisk og mest mogleg korrekt måte. Her må ein byggje på dei føresetnadene eleven har ut frå språksituasjonen sin. I dette arbeidet kan det vere naudsynt med ein del skriftlege formaløvingar. Argumentanalyse og forholdet mellom utsegner og sakstilhøve må få stor plass i desse øvingane. Den skriftlege opplæringa må ta sikte på å øve opp elevane sine analytiske evner. Hovudmengda av øvingane bør derfor leggje vekt på resonnerande framstillingar av ymse slag. Slike oppgåver kan t.d. gå ut på å vurdere, eventuelt kommentere ei sak eller eit problem med utgangspunkt i ein tekst. Det kan 6g vere tale om å samanlikne to tekstar etter emne og innhald og dra konklusjonar på eigne vilkår eller på vilkår som er sette opp for elevane. Eit oppgitt tekstmateriale kan og vere grunnlag for eit fritt forma essay, eit innlegg i ordskifte eller eit kåseri. Oppgåvene kan og vere vanlege frie stilar. Slike oppgåvetypar stiller krav til mognad, forståing og oversyn. Ein bør derfor leggje noko mindre vekt på kor langt oppgåvesvaret er og heller la innhald og klare formuleringar telje meir.
Skann 336 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 334». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/336/