SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 331 skann 333

331 Norsk og kommunikasjon som førstespråk for elevar med samisk som andrespråk i VK II i studieretning for handel og kontor 1. GENERELL INFORMASJON Denne fagplanen gjeld for elevar som har hatt norsk som førstespråk og samisk som andrespråk i grunnkurset og vidaregåande kurs I i studieretning for handelsog kontorfag. Norsk høyrer til dei felles allmenne faga i studieretning for handels- og kontorfag. Det har 4 timar i vidaregåande kurs 11. Til fagområdet kan ein og rekne korrespondanse og dokumentlære som er lagt til første året, og som har 2 veketimar. Sjølv om kvart år er avslutta einingar, fører omsynet til progresjon i læringa til at ein i stor mon bør sjå fagplanane for dei einskilde åra i samanheng. Norsk og kommunikasjon er eit felles fag for alle linjene i vidaregåande kurs 11. I høve til grunnkurset (1. år) og vidaregåande kurs I (2. år), der ein i norskundervisninga legg vekt på fagleg innføring og oversyn, vil det tredje året bli eit kurs med vekt på fordjuping. 2. MÅL Gjennom arbeidet med norsk og kommunikasjon førstespråk skal elevane: - få øving i å ordleggje seg naturleg, klart og presist både munnleg og skriftleg - få innsikt i dei prosessane som er ein føresetnad for munnleg og skriftleg kommunikasjon - utvikle evna til sjølvstendig og kritisk vurdering generelt, men og i høve til massemedium og andre informasjonskjelder - skape eit grunnlag for å forstå samfunnet dei lever i og skjøne verdien av toleranse og samarbeid - få høve til å arbeide med skjønnlitteratur og sakprosa - få orientering om norsk språkutvikling og aktuelle språkproblem i Noreg, slik at dei kan utvikle ei aktiv og medviten holdning til språket - få innblikk i korleis tospråklegheit fungerer i samfunnet vårt
Skann 333 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 331». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/333/