SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 312 skann 314

Norsk som andrespråk for elevar med samisk som førstespråk i VK I 312 5.2.1 . Prøver gjennom året Prøvene i faget må gå inn som ein naturleg del av undervisninga, slik at dei kan motivere og fremje læringa. Nokre prøver må ta utgangspunkt i stoff elevane har lyst til å arbeide med, og ha form av reine øvingar. I prøvene må elevane både vise at dei har faktiske kunnskapar, kan vurdere kunnskapane og bruke dei. Reine kunnskapsprøver bør ein unngå i norskfaget, utanom der kunnskapane har praktisk nytte. Norsk er eit kulturfag og eit reiskapsfag. Prøvene bør og vere varierte, slik at elevane kan få syne kva dei kan på ulike område. I svara bør ein krevje at eleven skriv rett. 6. HJELPEMIDDEL Til norskundervisninga skal skolen ha: - eit godt utval av klassesett med norsk skjønnlitteratur, både på nynorsk og bokmål - eit utval av lydband/kassettar med blant anna høyrespel og skolekringkastingsprogram med klassesett av teksthefta - eit utval av innlesen skjønnlitteratur (og poesi) på lydband eller grammofonplater - eit utval av nyare norske pop- og rockeplater, med teksthefte klassesett med nyare tidsskrift som har tilknyting til nærings- og samfunns livet - eit utval av nyare bransjetidsskrift - klassesett av eit ungdomsmagasin - sakprosastoff i klassesett - leksika og andre oppslagsbøker nyare norsk litteratur i enkeltband i skolebiblioteket Ein må ha tekniske hjelpemiddel som - radio, band- og kassettspelar, skriftprosjektør, filmframvisar, diasframvisar, fjernsynsapparat med videobandopptakar, telefonar, diktafonar og kopiutstyr til tekst og bilde Dei audiovisuelle hjelpemidla må ein kunne bruke i klasseromma. Det må ikkje vere vanskar med å kopiere klassesett av stoff til bruk i undervisninga.
Skann 314 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 312». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/314/