SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 311 skann 313

Norsk som andrespråk for elevar med samisk som førstespråk i VK I 311 Ikkje berre elevane treng ei vurdering av kva dei har lært. Læraren treng og denne attendeføringa frå elevane for å vurdere om undervisninga har vore vellukka organisert, og for å sjå om ein bør gjere noko annleis. Kort kan ein seie at målet med vurderinga er å: - gi den enkelte eleven ei løpande orientering om fagleg standpunkt, og korleis han/ho står samanlikna med dei måla som er sette for arbeidet i kurset. Eit stikkord her er rettleiing. gi den enkelte eleven, føresette og dei som skal ta imot elevane i arbeidslivet eller vidare utdanning eit bilete på korleis elevane står samanlikna med målsetjinga for kurset. Dette skjer etter at kurset er avslutta og har som føremål å registrere sluttresultata til eleven. Ein slår her fast nivået eleven har nådd gjennom kurset. Eit stikkord her er kontroll. - gi læraren informasjon om kor vellukka undervisninga er. Det har vore ein tendens til å sjå for mykje på kontrollfunksjonen og for lite på rettleiinga. Det er derfor viktig at den enkelte læraren under kurset legg vekt på å vurdere og betre undervisninga medan ho er i gang, og ikkje berre einsynt har omtanke for eksamen. Dette vil seie at læraren i vurderingsarbeidet sitt legg hovudvekta på rettleiing framfor kontroll. Dei måla som er sette opp i kapittel 2 i denne fagplanen, fortel kva elevane skal kunne utføre eller gjere etter fullført kurs. Desse måla skal heile tida vere utgangspunktet når læraren snakkar med elevane for å rettleie dei under arbeidet deira. Ved ei formell vurdering skal læraren vurdere kor godt eleven har nådd måla og/eller vurdere kor mange mål eleven har nådd. Retningslinjer for fastsetting av termin- og standpunktkarakterar er gitt i forskrift om karakterar, eksamen og vitnemål m.v. 5.2. Vurdering i faget Munnleg og skriftleg dugleik i norsk er likeverdige. Vurderinga må byggje på målet for faget og det arbeidet som er gjort både når det gjeld kjemestoff og tilvalsstoff. Ein må og ta omsyn til i vurderinga at norsk er andrespråk for elevane, slik at dei ikkje blir vurderte saman med elevar med norsk morsmål. Vurderinga må dessutan ta omsyn til utviklinga gjennom heile skoleåret. Prøvene må hengje saman med undervisninga, slik at dei kan motivere og fremje læringa. Ein må prøve elevane sine evner til å ordne og handsame eit stoff. Også i skriftlege/munnlege prøver må ein rette og vurdere rettskriving og ordning av stoffet. Ein skal og ta omsyn til dei tilleggsarbeida elevane har gjort i faget, t.d. foredrag, skriftlege særoppgaver.
Skann 313 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 311». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/313/