SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 310 skann 312

Norsk som andrespråk for elevar med samisk som førstespråk i VK I 310 4.3. Undervisningsformer Læraren og elevane må samarbeide om ein framdriftsplan for undervisninga og om skifte mellom undervisningsformer, slik at opplegga blir faste og målretta. Elevane bør lære å vurdere samanhengen mellom innhald og undervisningsform. Krav til undervisningsform: - variasjon - skape positiv atmosfære i arbeids- og læresituasjon - undervisninga må vere godt organisert med tanke på emne, hjelpemiddel og arbeidsformer, og ut frå det som faktisk finst av hjelpemiddel ved skolen - stoffet må presiserast eller demonstrerast så klart og konkret som mogleg - elevane må stimulerast til å vere aktive - elevane må få høve til å avklare stoffet og summere opp røynslene frå lære prosessen 4.4. Samordning med andre fag Ein føresetnad for å få norsk med i eit samarbeid med andre fag er at lærarane er innstilte på samarbeid over faggrensene. Lærarar i samisk og lærarar i norsk t.d. bør samarbeide nært for å gjere innlæringa av omgrep og formalkunnskap lettare. Dette vil og auke motiveringa hos elevane, i og med at dei då vil sjå «vitsen» med terminologiinnlæringa. Noko av det same vil gjelde for samarbeidet med studieretningsfaga. 5. VURDERING 5.1. Generell innleiing Dei generelle retningslinjene for vurdering er gitt i den generelle delen i læreplanen del 1, kap. 8. I skolen som elles i samfunnet treng ein å vurdere kontinuerleg den verksemda ein held på med. Dei generelle måla for skolen og dei meir spesielle faglege måla må ein analysere som utgangspunkt for å vurdere skolen generelt. Oppgåva er å vurdere samsvaret mellom desse måla og dei faglege prestasjonane til den enkelte eleven. Vurderinga skal i første rekkje vere til hjelp i arbeidet med å gi den enkelte eleven ei tilpassa undervisning. Vurderinga må derfor bli ein integrert del av undervisninga, og må skje kontinuerleg gjennom heile kurset. Ein sentral funksjon blir derfor å syte for ei slik attendeføring Dette kan gjerast både av læraren personleg og ved at læraren organiserer vurderinga slik at elevane sjølve må vurdere og ta standpunkt til om dei har nådd målet for faget eller ikkje. I det siste tilfellet vil læraren klart opptre som rettleiar. Denne prosessen kan ofte vere den beste måten å påverke eleven til å lære.
Skann 312 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 310». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/312/