SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 309 skann 311

Norsk som andrespråk for elevar med samisk som førstespråk i VK I 309 3.3.2. Litteraturlesing Det blir ikkje sett faste krav som seier at visse diktarar og litterære epoker skal vere med i litteraturutvalet. Ein bør heller finne fram lesestoff som ein trur kan verke engasjerande i deira eigen livssituasjon. Dette gjeld både litteratur frå samisk miljø, tokulturell situasjon, ungdomstilhøve og pop- og rocketekstar. Litteraturhistorie bør ein berre trekkje inn for å byggje opp under det ein les, på det viset at elevane får kjennskap til bakgrunnen til forfattaren og det miljøet han/ho lever i. Ein bør vidare arbeide noko med den teknikken forfattaren nyttar, korleis han/ho byggjer opp forteljingane/dikta sine. Noko av lærestoffet i litteratur bør vere i den andre norske målforma, då elevane bør kjenne til og kunne lese denne i ein seinare arbeidssituasjon. Sakprosatekstane bør og ha aktualitet for elevane i livssituasjonen deira. Det er naturleg å hente ein del stoff frå aviser og tidsskrift og frå offentlege utgreiingar. Det kan gjerne vere slikt stoff som vekkjer ordskifte og motførestellingar. Omstridde spørsmål må ein kaste lys over frå fleire sider. 4. ARBEIDSMÅTAR 4.1 . Arbeidet med faget Elevane vil ha ulike føresetnader når det gjeld evner og mognad. Ein må også rekne med spreiing i alder og røynsle, då enkelte elevar har vore ute i arbeidslivet før dei held fram med skolegangen. Det er viktig at ein lét dei ulike røynslene elevane har, komme til nytte i samarbeidet om å velje oppgåver og emne. Elevane kan på den måten fylle ut kvarandre, samtidig som dei utvikler toleranse og evne til samarbeid. Dei bør få noko øving i å arbeide i grupper. Denne arbeidsmåten set store krav til sjølvdisiplin, og det blir ei viktig side ved undervisninga å lære elevane å arbeide under eige ansvar, ikkje minst når dette arbeidet går føre seg i grupper. Dette vil dei ha nytte av seinare. 4.2. Arbeidsformer Arbeidsformene ein vel, må ta omsyn til kva slags stoff ein skal ta opp, til føresetnadene til elevane og til rom, utstyr og andre arbeidstilhøve på skolen. Læraren på den enkelte skolen, i samråd med elevane, må derfor finne fram til kva for arbeidsformer som høver best for dei enkelte deltema. Det er og viktig å knyte kontakt med personar og institusjonar utanfor skolen. Det kan ein få til gjennom t.d. besøk på arbeidsplassar og intervju 0.1. Elevane må førebu dette, og det er og viktig at dei arbeider med stoffet etterpå.
Skann 311 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 309». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/311/