SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 308 skann 310

Norsk som andrespråk for elevar med samisk som førstespråk i VK I 308 B. TILVALSSTOFF - biletanalyse, kjennskap til ulike medium - dialektar, sosiolektar - kjennskap til svensk - særoppgave/prosjektarbeid 3.2.2. Litteratur A. KJERNESTOFF - eit heilt diktverk, eller ein antologi (dikt, noveller, essay) - eit utval lyrikk (4-5 sider) - eit utval av noveller (20 sider) - eit utval sakprosa (20 sider) Ein del av novellene og sakprosaen eller det aktuelle diktverket må omhandle samiske tilhøve og/eller tilhøva i liknande kulturmiljø omkring i verda. B. TILVALSSTOFF Når det gjeld tilvalsstoffet i litteratur, må det vere særs stor valfridom. Emne områda nedanfor er såleis berre forslag. - temalesing - samisk litteratur — svensk litteratur/finsk litteratur i omsetjing - triviallitteratur — heimstaddikting - norsk pop- og viselyrikk, norske rocketekstar 3.3. Kommentarar til emnelista 3.3.1. Språkkunnskap Opplæringa i språkkunnskap tek sikte på å utvikle forståing av språk og språklege verkemiddel, og ikkje minst lære folk å skrive rett og utvikle personleg stil. Denne opplæringa bør vere mest mogleg praktisk. Dei teoretiske kunnskapane som er nødvendige, må tene til å stø den praktiske språkbruken. Dei skal ikkje vere noko mål i seg sjølve. Den språklege analysen bør ikkje vere for omstendeleg og skal berre tene praktiske føremål, nemleg å få elevane til å forstå kor viktig det er å uttrykkje seg klart og greitt i kommunikasjonssituasjonen (skrivesituasjonen). Her kjem resonnement og argumentasjon inn. Kjennskap til språkutviklinga i Noreg er og ein del av allmenndanninga, og bør komme inn som ein del av språkopplæringa.
Skann 310 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 308». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/310/