SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 307 skann 309

Norsk som andrespråk for elevar med samisk som førstespråk i VK I 307 Elevane skal berre ha skriftleg opplæring i ei norsk målform, men læraren må likevel dra inn stoff i den andre målforma. 3.1 .2. Skriftleg bruk av språket Dei skriftlege øvingane må ein velje med tanke på å øve opp elevane til å bli språkleg støe både når det gjeld det reint formelle (grammatikk, rettskriving og teiknsetjing) og evna til å variere uttrykksmåten, og å finne det mest dekkjande ordet i den bestemte situasjonen. Norsk som andrespråk må og innehalde arbeidsstoff tilpassa det faktum at norsk er andrespråket til elevane. Derfor må mykje tid gå med til formalkunnskap og rein skrivetrening. Dette er viktig i arbeidssituasjonar seinare. Lærar og elevar må derfor i fellesskap finne fram til emne som elevane liker å skrive om og som engasjerer. I motsett fall vil heile skrivetreninga bli eit ork for elevane. Det er heilt nødvendig at undervisninga i norsk språk tek utgangspunkt i at norsk og samisk høyrer til ulike språkfamiliar, og at elevane derfor har særlege problem som eittspråkleg norske ikkje har i innlæringa. Elevane må t.d. kunne skrive eit avisinnlegg eller ei friare utgreiing om eit yrkesfagleg eller allment emne. Dei må kunne gjere greie for opplysningar og synspunkt i ein tekst og kunne lage ein sjølvstendig kommentar. 3.2. Emneliste Arbeidsstoffet er delt inn i kjernestoff og tilvalsstoff. Kjernestoffet er det stoffet alle elevane skal arbeide med og det er obligatorisk. Innafor valet av tekstar må likevel valfridomen vere stor. Ca. ein firedel av arbeidsstoffet skal vere tilvalsstoff. I val av tilvalsstoff må læraren dra inn elevane i planlegginga. 3.2.1 . Språkleg opplæring A. KJERNESTOFF I Språket som system: - grammatikk, rettskriving, ordtilfang II Elementær stilistikk — ulike typar av prosa - ulike fagspråk - stilistiske verkemiddel 111 Språkanalyse - kjennskap til kommunikasjonsmodellen — resonnement, argumentasjon IV Språkutvikling — språksituasjonen i Noreg (norsk-samisk, bokmål/nynorsk) — språkpolitikk
Skann 309 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 307». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/309/