SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 306 skann 308

Norsk som andrespråk for elevar med samisk som førstespråk i VK I 306 Ein må gå ut frå at svært mange av elevane på grunn av den tospråklege bakgrunnen sin stiller noko ulikt i utgangspunktet i høve til eittspråklege norske. Mykje av tida må derfor gå med til språkøvingar, både skriftleg og munnleg. Når det gjeld litteraturlesinga, må ein velje stoffet med det siktemålet at det skal fremje den personlege voksteren og mognaden hos elevane og gjere dei glade i å lese. Dei skal lese både skjønnlitteratur og sakprosa. Sakprosatekstane bør ein velje med tanke på at dei skal utvide livsorienteringa til elevane og utvikle samkjensle med andre menneske, nasjonalt og internasjonalt. Samstundes bør nokre slike tekster omhandle saker frå lokalsamfunnet og den kulturelle og politiske situasjonen elevane står i sjølve. Det har mykje å seie at stoffet ein les, verkar engasjerande. Ein må vere merksam på at graden av elevane si litteraturoppleving vil hengje saman med kor nøye ein har vurdert litteraturutvalet på førehand. Det er viktig her å ta utgangspunkt i litteraturgenrar og stoff elevane kjenner, nettopp for å få dei til å lese. Når elevane les litteratur, bør dei få eit visst innsyn i dei ymse litterære verkemidla som forfattaren bruker. Litteraturhistoria derimot bør ein berre dra inn om ho stimulerer evna til å oppleve skjønnlitteratur. 3. ARBEIDSSTOFF 3.1. Utval av abeidsstoff Det må vere eit mål at det elevane lærer i norskfaget, skal vere til hjelp for dei i yrke og daglegliv. Det har mykje å seie for motiveringa at undervisningsstoffet er tilpassa nivået til elevane, både når det gjeld interesse og vanskegrad. Samstundes må skolen utvikle elevane til å lese og bli glad i andre typar litteratur enn det dei er vane med i utgangspunktet. Norsk er eit allmennfag, og elevane må og få oppleve språk og litteratur frå andre sider av samfunns- og kulturlivet enn det som heng saman med yrkesvalet deira. Elevane må og få lære seg å vurdere all den informasjonen som strøymer på frå massemedia og sjå kritisk på denne. 3.1 .1 . Munnleg bruk av språket Undervisninga i norsk munnleg må ha eit dobbelt siktemål. Ho skal på den eine sida lære elevane å uttrykkje seg sjølvstendig og logisk, og på den andre sida skal ho få elevane til å føle seg trygge i å bruke norsk i ulike samtalesituasjonar. Undervisninga bør ta utgangspunkt i dei føresetnadene kvar enkelt elev har på førehand, både i munnleg form og uttrykksmåte. Praktiske øvingar kan t.d. vere innleiingar til ordskifte, korte utgreiingar om yrkesfaglege og andre emne, intervju, rollespel, snakke i telefonen og oppfatte tale. Elevane skal også øve seg i å oppfatte dansk og svensk tale, og dei bør få høve til å lese noko av desse grannelanda sin litteratur på originalspråket. Særleg er det viktig at elevane lærer å oppfatte svensk, då svensk er i bruk i kontakten mellom samar på Nordkalotten.
Skann 308 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 306». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/308/