SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 305 skann 307

305 Norsk som andrespråk for elevar med samisk som førstespråk i VK I i studieretning for handel og kontor 1. GENERELL INFORMASJON Denne fagplanen gjeld norsk som andrespråk i studieretninga for handels- og kontorfag, vidaregåande kurs I, alle linjer. Han byggjer på planen for norsk som andrespråk i grunnkurset. Faget har 3 veketimar, på årsbasis 114 timar, men det er ein føresetnad at norsklæraren samarbeider med læraren i andre fag, særleg samisk som førstespråk. Jamvel om elevane får skriftleg opplæring berre i ei norsk målform, er det ein føresetnad at dei skal lese tekstar både på bokmål og nynorsk. 2. MÅL 1 arbeidet med norskfaget skal elevane - lære seg til å bruke norsk slik at dei kan nytte det som reiskap når dei skal formidle eigne tankar, kjensler og meiningar i dei høve dei treng norsk, både i det samiske lokalsamfunnet og det norske storsamfunnet - skaffe seg noko innsikt i korleis språket verkar slik at dei betre kan forstå, tolke og vurdere det andre ønskjer å formidle, anten dette skjer munnleg eller skriftleg - utvikle evna til å forstå ulike typar litteratur og skaffe seg eit visst kjennskap til norsk litteratur og til litteratur frå andre nordiske språk, særleg svensk - styrkje si allmenne livsorientering, sosialt og kulturelt og lære å respektere og vise forståing for haldningar og syn som er annleis enn dei ein sjølv har. 2.1. Kommentarar til målet Den språklege uttrykksevna skal elevane øve opp gjennom varierte øvingar, og det må leggjast vekt på at dei lærer seg å uttrykkje seg klart og rett, både skriftleg og munnleg. Dette gjeld både i ordval, setningsbygning og i grammatikk.
Skann 307 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 305». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/307/