SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 304 skann 306

Norsk som førstespråk for elevar med samisk som andrespråk i VK I 304 Skriftleg dugleik Grunnlaget for å vurdere skriftleg dugleik finn læraren i ymse former for oppgåver, som t.d.: — oppgåver som er knytte til yrkesprega stoff — oppgåver som er knytte til ein tekst eller eit samansett tekstmateriale — vanleg fristil 5.2.1 . Prøver gjennom året Prøvene i faget må gå inn som ein naturleg del av undervisninga, slik at dei kan motivere og fremje læringa. Prøvene bør så langt råd er ha karakter av øvingar. Det er om å gjere å finne fram til prøver som viser elevane sine evner til å setje seg inn i, ordne og gjere greie for eit emne og vurdere det kritisk. Både dei skriftlege og dei munnlege prøvene bør vere av skiftande slag, slik at elevane kan få syne kva dei kan på ulike område. 6. HJELPEMIDDEL Til norskundervisninga bør skolen ha: — eit godt utval av klassesett med norsk skjønnlitteratur — eit utval av lydband/kassettar med blant anna høyrespel og skolekringkastingsprogram med klassesett av teksthefta - eit utval av innlesen skjønnlitteratur (og poesi) på lydband eller grammofonplater — klassesett med nyare tidsskrift som har tilknyting til nærings- og samfunnslivet — eit utval av nyare bransjetidsskrift - sakprosastoff i klassesett — leksika og andre oppslagsbøker — nyare norsk litteratur i enkeltband i skolebiblioteket - eit urval av nyare norske pop-, rocke- og viseplater Ein må ha tekniske hjelpemiddel som: — radio, bandspelar/kassettspelar, skriftprosjektør, filmframvisar, diasframvisar, fjernsynsapparat med videobandopptakar. Det bør dessutan vere høve til å kopiere tekstar og bilete. Dei audiovisuelle hjelpemidla må ein kunne bruke i klasseromma. Det må ikkje vere vanskar med å kopiere klassesett av stoff til bruk i undervisninga.
Skann 306 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 304». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/306/