SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 303 skann 305

Norsk som førstespråk for elevar med samisk som andrespråk i VK I 303 å gi den enkelte eleven ei løpande orientering om fagleg standpunkt, og korleis han/ho står samanlikna med dei måla som er sette for arbeidet i kurset. Eit stikkord her er rettleiing. å gi den enkelte eleven, føresette og dei som skal ta imot elevane i arbeidslivet eller vidare utdanning eit bilete på korleis elevane står samanlikna med målsetjinga for kurset. Dette skjer etter at kurset er avslutta og har som føremål å registrere sluttresultata til eleven. Ein slår her fast nivået eleven har nådd gjennom kurset. Eit stikkord her er kontroll. å gi læraren informasjon om kor vellykka undervisninga er. Det har vore ein tendens til å sjå for mykje på kontrollfunksjonen og for lite på rettleiinga. Det er derfor viktig at den enkelte læraren under kurset legg vekt på å vurdere og betre undervisninga medan ho er i gang, og ikkje berre einsynt har omtanke for eksamen. Dette vil seie at læraren i vurderingsarbeidet sitt legg hovudvekta på rettleiing framfor kontroll. Dei måla som er sette opp i kapittel 2 i denne fagplanen, fortel kva elevane skal kunne utføre eller gjere etter fullført kurs. Desse måla skal heile tida vere utgangspunktet når læraren snakkar med elevane for å rettleie dei under arbeidet deira. Ved ei formell vurdering skal læraren vurdere kor godt eleven har nådd måla og/eller vurdere kor mange mål eleven har nådd. Retningslinjer for fastsetting av termin- og standpunktkarakterar er gitt i forskrift om karakterar, eksamen og vitnemål m.v. 5.2. Vurdering i faget Munnleg og skriftleg dugleik i norsk er likeverdige. Vurderinga må byggje på målet for faget og det arbeidet som er gjort både når det gjelde kjernestoff og tilvalsstoff. Vurderinga må dessutan ha grunnlag i det arbeidet elevane har gjort gjennom heile skoleåret på eiga hand og i fellesskap med andre. Ein må ikkje berre ta omsyn til det dei presterer på slutten av skoleåret. Da munnleg og skriftleg bruk av språket er jamstelt, må ein under vurderinga ta omsyn til at arbeidet med munnlege øvingar får den tyngda det skal ha i opplæringa. Både når ein vurderer den munnlege og den skriftlege dugleiken, må ein leggje vekt på den evna elevane har til å ordleggje seg greitt og rett, kor rik språkføring dei har og kva for kunnskap og innsikt dei viser. Ein må her vere merksam på at språk og litteratur er jamstelte fagområde. Ein skal også ta omsyn til dei tilleggsarbeida elevane har gjort i faget, t.d. foredrag, skriftlege særoppgaver eller andre emne dei har arbeidd særskilt med. Munnleg dugleik Grunnlaget for å vurdere munnleg dugleik har læraren i det daglege skolearbeidet, ved særskilde prøver og ved særlege oppgåver som elevane tek på seg, t.d. foredrag, orientering 0.1.
Skann 305 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 303». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/305/