SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 302 skann 304

Norsk som førstespråk for elevar med samisk som andrespråk i VK I 302 4.3. Undervisningsformer Læraren og elevane samarbeider om ein framdriftsplan for undervisninga og om skifte mellom ulike undervisningsformer, slik at opplegga blir faste og målretta. Elevane bør lære å vurdere samanhengen mellom innhald og undervisningsform. Her er nokre hovudkrav til alle undervisningsformene som ein bruker: - undervisninga må varierast mest mogleg - det må skapast ein positiv atmosfære i arbeids- og læresituasjonen - undervisninga må vere godt organisert med tanke på emne, hjelpemiddel og arbeidsformer - stoffet må presiserast eller demonstrerast så klart og konkret som mogleg - elevane må stimulerast til å vere aktive - elevane må få høve til å avklare stoffet og summere opp røynslene frå lærepro sessen 4.4. Samordning med andre fag Ein føresetnad for å få norsk med i eit samarbeid med andre fag er at lærarane er innstilte på å sjå naturlege samanhengar på tvers av faggrensene. Eit samarbeid over faggrensene vil auke motiveringa hos elevane for norskundervisninga. 5. VURDERING 5.1. Generell innleiing Dei generelle retningslinjene for vurdering er gitt i den generelle delen i læreplanen del 1, kap. 8. I skolen som elles i samfunnet treng ein å vurdere kontinuerleg den verksemda ein held på med. Dei generelle måla for skolen og dei meir spesielle faglege måla må ein analysere som utgangspunkt for å vurdere skolen generelt. Oppgåva er å vurdere samsvaret mellom desse måla og dei faglege prestasjonane til den enkelte eleven. Vurderinga skal i første rekkje vere til hjelp i arbeidet med å gi den enkelte eleven ei tilpassa undervisning. Vurderinga må derfor bli ein integrert del av undervisninga, og må skje kontinuerleg gjennom heile kurset. Ein sentral funksjon blir derfor å syte for ei slik attendeføring. Dette kan gjerast både av læraren personleg og ved at læraren organiserer vurderinga slik at elevane sjølve må vurdere og ta standpunkt til om dei har nådd målet for faget eller ikkje. I det siste tilfellet vil læraren klart opptre som rettleiar. Denne prosessen kan ofte vere den beste måten å påverke eleven til å lære. Ikkje berre elevane treng ei vurdering av kva dei har lært. Læraren treng og denne attendeføringa frå elevane for å vurdere om undervisninga har vore vellykka organisert, og for å sjå om ein bør gjera noko annleis. Kort kan ein seie at målet med vurderinga er:
Skann 304 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 302». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/304/