SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 301 skann 303

Norsk som førstespråk for elevar med samisk som andrespråk i VK I 301 3.3.3. Den andre norske målforma I samsvar med norsk lov er bokmål og nynorsk likeverdige målformer og skal vere jamstelte skriftspråk i alle organ for stat, fylkeskommune og kommune. Då studieretninga for handels- og kontorfag og gir utdanning som er retta mot arbeidsoppgåver i offentlege etatar, må elevane i det minste få kjennskap til den andre målforma gjennom lesing av tekstar. Men i tillegg til dette har kjennskap til den andre norske målforma også eit vidare sikte. Det tener til å fremje slike viktige sider ved målsettinga for skolen som likeverd, toleranse, respekt for tradisjon og kulturarv. Kjennskap til språkutviklinga i landet vårt er dessutan ein del av allmenndanninga. 4. ARBEIDSMÅTAR 4.1 . Arbeidet med faget Elevane vil ha ulike føresetnader når det gjeld evner og mognad. Ein må og rekne med spreiing i alder og røynsle, blant anna fordi ein del av elevane kan ha vore kortare eller lengre tid ute i yrkeslivet før dei held fram med skolegangen sin. Det er viktig at ein lét dei ulike røynslene elevane har kome til nytte i samarbeidet om å velje oppgåver og emne. Elevane kan på den måten fylle ut kvarandre, samtidig som dei utviklar toleranse og evne til samarbeid. Dei bør få noko øving i å arbeide i grupper. Denne arbeidsmåten set store krav til sjølvdisiplin, og det blir ei viktig side ved undervisninga å lære elevane å arbeide under eige ansvar, ikkje minst når dette arbeidet går føre seg i grupper. 4.2. Arbeidsformer Når ein vel arbeidsformer, må ein ta omsyn til kva slags stoff ein skal ta opp, kor omfattande det er, kva for føresetnader elevane har, tida ein rår over, rom, utstyr og andre arbeidstilhøve på skolen. Berre læraren i samråd med elevane har god nok oversikt over desse og andre tilhøve ved skolen. Saman med elevane må ein derfor finne fram til kva for arbeidsformer som høver best for dei enkelte delemna. Men ein vil gjerne streke under den verdien det har å knyte kontakt med personar og institusjonar utanfor skolen. Det kan ein ordne med at ein intervjuar folk på arbeidsplassane. Elevane kan førebu slike intervju i grupper og leggje fram og diskutere resultata seinare.
Skann 303 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 301». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/303/