SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 300 skann 302

Norsk som førstespråk for elevar med samisk som andrespråk i VK I 300 B. TILVALSSTOFF Når det gjeld tilvalsstoffet i litteratur, må det vere særs stor valfridom. Emneområda nedanfor er såleis berre tilrådingar: temalesing triviallitteratur svensk og dansk litteratur og samisk litteratur på norsk heimstaddikting norsk pop-, rocke- og visedikting 3.3. Kommentarar til emnelista 3.3.1. Språkkunnskap Opplæringa i språkkunnskap tar sikte på å utvikle forståing av språk og språklege verkemiddel. Denne opplæringa bør vere mest mogleg praktisk. Dei teoretiske kunnskapane som er nødvendige, må tene til å stø den praktiske språkbruken. Dei skal ikkje vere noko mål i seg sjølve. Den språklege analysen bør ikkje vere for omstendeleg. Den skal lære elevane å forstå den rolla språket spelar i kommunikasjonen. Dei må få innsyn i kva som kan verke inn på ordleggingsmåtane til sendaren og i korleis bodskapen blir tolka hos mottakaren. Dette krev ei elementær innføring i ymse språkfunksjonar, i skilnaden på sakleg og usakleg språkbruk og i korleis skrivesituasjonen verkar inn på språkbruken. 3.3.2. Litteraturlesing Det blir ikkje sett faste krav som seier at visse diktarar og litterære epoker skal vere med i litteraturutvalet. Det er viktigare å finne fram til lesestoff som ein trur kan verke engasjerande på elevane i livssituasjonen deira, enn å lese eit litteraturhistorisk representativt utval skjønnlitteratur. Dermed stimulerer ein den interessa elevane har for god og verdifull lesnad, og fremjar den personlege voksteren og mognaden hos dei. Elevane bør få litt kjennskap til den teknikken forfattarane nyttar, til måten dei byggjer opp forteljingane eller dikta sine på og dei ulike verkemidla dei bruker. Elevane kan gjerne lese dei to diktverka utanfor undervisningstimane. Den tida ein då vinn inn, bør brukast til å innleie om verket og forfattaren, samtale om verket og arbeide med oppgåver i tilknyting til det. Sakprosatekstane bør ha aktualitet for elevane i livssituasjonen deira. Det er naturleg å hente ein del stoff frå aviser og tidsskrift. Det kan gjerne vere slikt stoff som vekkjer ordskifte og motførestellingar. Omstridde spørsmål må ein kaste lys over frå fleire sider. Ein står fritt når ein vel sakprosatekstar, men ein bør likevel ha i tankane at stoffet skal gi elevane auka interesse for det som rører seg i tida, både nasjonalt og internasjonalt.
Skann 302 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 300». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/302/