SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 299 skann 301

Norsk som førstespråk for elevar med samisk som andrespråk i VK I 299 3.2. Emneliste Arbeidsstoffet er delt inn i kjernestoff og tilvalsstoff. Kjernestoffet skal utgjere dei mest sentrale delane av faget som alle elevane bør ha arbeidd med. Kring ein firedel av arbeidsstoffet skal vere tilvalsstoff. Dei emna som er tilrådde under tilvalsstoffet (3.2.1 B og 3.2.2 B), er ikkje meint å vere bindande. Elevane kan sjølve kome med framlegg til anna tilvalsstoff. 3.2.1. Språkleg opplæring A. KJERNESTOFF I Språket som system - grammatikk, rettskriving, ordtilfang II Elementær stilistikk — ulike typar av prosa - ulike fagspråk - stilistiske verkemiddel 111 Språkanalyse - kjennskap til kommunikasjonsmodellen - tolking og presisering - sakleg og usakleg språkbruk — resonnement, argumentasjon IV Praktisk skrivetrening Skrive ulike typar brev, rapportar 0.1., søknad, referat, forenkling og retting av tekstar, stil og utgreiingar. Øvingar i å setje overskrifter. B. TILVALSSTOFF - dialektane våre - gruppespråk - kjennskap til svensk og dansk språk og til fleirspråklegheit på Nordkalotten - særoppgave/prosjektarbeid 3.2.2. Litteratur A. KJERNESTOFF - to heile diktverk. Eitt av desse kan vere ein antologi (dikt, noveller, essay) - eit utval lyrikk - eit utval novellistisk stoff -eit utval sakprosa Noko av dette bør omhandle emne frå yrkeslivet og frå fleirkulturelle samfunn omkring i verda.
Skann 301 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 299». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/301/