SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 298 skann 300

Norsk som førstespråk for elevar med samisk som andrespråk i VK I 298 bør ein velje med tanke på at dei skal utvide livsorienteringa til elevane og utvikle samkjensle med andre menneske, nasjonalt og internasjonalt. Ein del av sakprosatekstane kan gjeme vere knytte til andre fag. Det har mykje å seie at stoffet ein les, verkar engasjerande. Ein må vere merksam på at graden av elevane si litteraturoppleving vil henge saman med kor nøye ein har vurdert litteraturutvalet på førehand. Når elevane les litteratur, bør dei få eit visst innsyn i dei ymse litterære verkemidla som forfattaren brukar. Litteraturhistorie tek ein berre med i den grad det stimulerer evna til å oppleve skjønnlitteratur. 3. ARBEIDSSTOFF 3.1 . Utval av arbeidsstoff Det må vere eit mål at det elevane lærer i norskfaget, skal vere til hjelp for dei i yrke og daglegliv. Det har mykje å seie for motiveringa at undervisningsstoffet er tilpassa interessenivået til elevane. Men då norsk samstundes er eit allmennfag, må elevane og få oppleve språk og litteratur frå andre sider av samfunns- og kulturlivet enn det som heng saman med yrkesvalet deira. Kvar dag møter vi informasjon og påverknad frå aviser, tidsskrift, vekeblad og andre massemedium. Det er viktig at elevane lærer å vurdere stoffet frå desse kjeldene kritisk. Elevane skal berre ha skriftleg opplæring i ei av dei norske målformene, men kring ein fjerdepart av arbeidsstoffet må vere i den andre målforma. 3.1 .1 . Munnleg bruk av språket Med munnleg bruk av språket meiner ein ikkje først og fremst det som har med artikulasjon å gjere, men meir det å kunne uttrykkje seg sjølvstendig og logisk. Undervisninga bør ta sikte på å gi kvar elev så godt herredømme over munnleg form og uttrykksmåte som han/ho har føresetnader for. Det er sjølvsagt at elevane får bruke dialekten sin i munnleg norsk. Praktiske øvingar kan t.d. vere innleiingar til ordskifte, korte utgreiingar om yrkesfaglege og andre emne, intervju 0.1. Elevane skal også øve seg i å oppfatte dansk og svensk tale, og dei bør få høve til å lese noko av desse grannelanda sin litteratur på originalspråket. 3.1 .2. Skriftleg bruk av språket Dei skriftlege øvingane må ein velje med tanke på å øve opp elevane til å bli språkleg støe når det gjeld det reint formelle (grammatikk, rettskriving og teiknsetjing) og evna til å variere uttrykksmåten, og å finne det mest dekkjande ordet i den bestemte situasjonen. Elevane må t.d. kunne skrive eit avisinnlegg eller ei friare utgreiing om eit yrkesfagleg eller allment emne. Dei må kunne gjere greie for opplysningar og synspunkt i ein tekst og kunne lage ein sjølvstendig kommentar.
Skann 300 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 298». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/300/