SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 297 skann 299

297 Norsk som førstespråk for elevar med samisk som andrespråk i VK I i studieretning for handel og kontor 1. GENERELL INFORMASJON Denne fagplanen gjeld norsk som førstespråk i studieretninga for handels- og kontorfag, vidaregåande kurs I, alle linjer. Planen er for elevar som har hatt norsk som førstespråk i grunnkurset. Faget har 3 veketimar, på årsbasis 114 timar. 2. MÅL I arbeidet med norskfaget skal elevane: - lære seg til å bruke norsk slik at dei kan nytte det som reiskap når dei skal formidle eigne tankar, kjensler og meiningar - skaffe seg noko innsikt i korleis språket verkar slik at dei betre kan forstå, tolke og vurdere det andre ønskjer å formidle, anten dette skjer munnleg eller skriftleg - utvikle evna til å forstå ulike typar litteratur og skaffe seg eit visst kjennskap til norsk litteratur - styrkje si allmenne livsorientcring, sosialt og kulturelt og lære å respektere og vise forståing for haldningar og syn som er annleis enn dei ein sjølv har. Jamvel om elevane får skriftleg opplæring berre i ei norsk målform, er det ein føresetnad at dei skal lese tekstar både på bokmål og nynorsk. 2.1. Kommentarar til målet Den språklege uttrykksevna skal elevane øve opp gjennom varierte øvingar, og det må leggjast vekt på at dei lærer å uttrykkje seg klart og rett, både skriftleg og munnleg. Når det gjeld litteraturlesinga, må ein velje stoffet med det siktemålet at det skal fremje den personlege voksteren og mognaden hos elevane og gjere dei glade i å lese. Dei skal lese både skjønnlitteratur og sakprosa. Sakprosatekstane
Skann 299 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 297». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/299/