SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 283 skann 285

Norsk som andrespråk for elevar med samisk førstespråk i grunnkurs 283 Skriftlege prøver Då norsk i yrkeslivet blir reiskapsspråk og i tillegg er andrespråk, bør desse elevane få øve seg i å bruke norsk i ulike samanhengar. Ein måte å gjere dette på er å gi elevane i oppgåve å skrive kortare framstillingar enn vanlege stilar, gjerne ned til ei halv side. Typar av slike oppgåver: - søknader - referat - korte noveller over oppgitte tema - essay med emne frå litteraturpensumet. Slike skriftlege prøver kan ein gjennomføre både i enkelte timar og heime. Ved heimeoppgåver kan elevane og få trening i å samle og ordne innsamla materiale frå bibliotek (t.d.). 6. HJELPEMIDDEL Skolane må ha desse hjelpemidla til disposisjon for lærarar og elevar: - klassesett med norsk skjønnlitteratur: - om forholdet mellom folkegruppene på Nordkalotten - med populærlitteratur - om kjønnsroller - om diskriminering - over temaet humor - klassesett med høvelege skolekringkastingsprogram - oppslagsbøker og hjelpebøker, leksikon - tekniske hjelpemiddel som kassettspelar, radio, skriftprosjektør, filmapparat, diasframvisar, telefonar, mikrofonar, diktafonar - abonnement på aviser, vekeblad og fagblad knytte til studieretninga - ei samling av plater og kassettar - lærebøker: - språklære som tek opp norsk ut frå samisk - øvingsbok med ulike skriftlege oppgavetyper
Skann 285 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 283». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/285/