SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 282 skann 284

Norsk som andrespråk for elevar med samisk førstespråk i grunnkurs 282 - å gi den enkelte eleven, føresette og dei som skal ta imot elevane i arbeidslivet eller vidare utdanning eit bilete på korleis elevane står samanlikna med målsetjinga for kurset. Dette skjer etter at kurset er avslutta og har som føremål å registrere sluttresultata til eleven. Ein slår her fast nivået eleven har nådd gjennom kurset. Eit stikkord her er kontroll. - å gi læraren informasjon om kor vellukka undervisninga er. Det har vore ein tendens til å sjå for mykje på kontrollfunksjonen og for lite på rettleiinga. Det er derfor viktig at den enkelte læraren under kurset legg vekt på å vurdere og betre undervisninga medan ho er i gang, og ikkje berre einsynt har omtanke for eksamen. Dette vil seie at læraren i vurderingsarbeidet sitt legg hovudvekta på rettleiing framfor kontroll. Dei måla som er sette opp i kapittel 2 i denne fagplanen, fortel kva elevane skal kunne utføre eller gjere etter fullført kurs. Desse måla skal heile tida vere utgangspunkt når læraren snakkar med elevane for å rettleie dei under arbeidet deira. Ved ei formell vurdering skal læraren vurdere kor godt eleven har nådd måla og/eller vurdere kor mange mål eleven har nådd. Retningslinjer for fastsetting av termin- og standpunktkarakterar er gitt i forskrift om karakterar, eksamen og vitnemål m.v. 5.2. Vurdering i faget Dugleik og kunnskapar i munnleg og skriftleg norsk skal telje likt. Dette er viktig for faget norsk som andrespråk, der utgangspunktet i norsk for elevane er ulikt, både når det gjeld språkbakgrunn og forkunnskapar. Nokre elevar kan uttrykkje seg best skriftleg i norsk, medan andre kan komme best frå det i munnlege samanhengar. Det er og viktig at praktisk språkbruk blir oppvurdert, då dette er norsk i ei yrkesfagleg studieretning. Evna til logisk og flytande framstilling må vurderast høgt, like eins evna til samarbeid med andre elevar i klassen. 5.2.1 . Prøver gjennom året Elevane må få varierte prøver gjennom året der dei får prøve seg i ulike sider av faget. På denne måten kan elevane og få prøve seg i emne dei sjølve beherskar, og har særleg interesse for. Prøvene må vere knytte saman med aktuelle undervisningsemne heile tida. Munnlege prøver Elevane bør få prøver der dei får uttrykkje munnleg kva dei har lært og kva dei har øvd seg i. Dette kan ordnast både individuelt, og ved at grupper av elevar førebur munnleg ulike emne. Foredrag over sjølvvalde emne er 6g ei fin munnleg prøveform.
Skann 284 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 282». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/284/