SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 281 skann 283

Norsk som andrespråk for elevar med samisk førstespråk i grunnkurs 281 4.4. Samordning med andre fag Norsk andrespråk er eit fag som det er mogleg å samordne med andre fag. Særleg er det nødvendig at læraren som underviser i norsk andrespråk og samisk førstespråk held nær kontakt. Gjennomgang av terminologi kan med fordel drøftast i fellestimar. Andre fag det er ein fordel å samarbeide med, er samfunns- og næringslære, korrespondanse- og dokumentlære, maskinskriving, praktisk kontorarbeid/praktisk butikkarbeid og framandspråka. Dersom lærarane blir einige om eit tverrfagleg samarbeid, er det viktig at ein tek fatt på planlegginga av undervisninga så tidleg som råd er i skoleåret. 4.5. Studieteknikk Alle elevane skal i byrjinga av skoleåret få opplæring i studieteknikk. I norsk er det viktig å lære seg å hugse det ein les. Dette bør ein bruke tid på ved praktiske øvingar. I norsk vil det seie notat- og referatteknikk, kjeldebruk og bruk av oppslagsverk. 5. VURDERING 5.1. Generell innleiing Dei generelle retningslinjene for vurdering er gitt i den generelle delen i læreplanen del 1, kap. 8. I skolen som elles i samfunnet treng ein å vurdere kontinuerleg den verksemda ein held på med. Dei generelle måla for skolen og dei meir spesielle faglege måla må ein analysere som utgangspunkt for å vurdere skolen generelt. Oppgåva er å vurdere samsvaret mellom desse måla og dei faglege prestasjonane til den enkelte eleven. Vurderinga skal i første rekkje vere til hjelp i arbeidet med å gi den enkelte eleven ei tilpassa undervisning. Vurderinga må derfor bli ein integrert del av undervisninga, og må skje kontinuerleg gjennom heile kurset. Ein sentral funksjon blir derfor å syte for ei slik attendeføring. Dette kan gjerast både av læraren personleg og ved at læraren organiserer vurderinga slik at elevane sjølve må vurdere og ta standpunkt til om dei har nådd målet for faget eller ikkje. I det siste tilfellet vil læraren klart opptre som rettleiar. Denne prosessen kan ofte vere den beste måten å påverke eleven til å lære. Ikkje berre elevane treng ei vurdering av kva dei har lært. Læraren treng og denne attendeføringa frå elevane for å vurdere om undervisninga har vore vellykka organisert, og for å sjå om ei bør gjera noko annleis. Kort kan ein seie at målet med vurderinga er: - å gi den enkelte eleven ei løpande orientering om fagleg standpunkt, og korleis han/ho står samanlikna med dei måla som er sette for arbeidet i kurset. Eit stikkord her er rettleiing.
Skann 283 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 281». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/283/