SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 280 skann 282

Norsk som andrespråk for elevar med samisk førstespråk i grunnkurs 280 4.2. Arbeidsformer 4.2.1. Munnlege arbeidsformer På skolen vil mykje tid gå med til å samtale om stoff som elevane har lese. Det er då viktig å dra alle elevane aktivt med, sjølv om røynslene med dette er ulike. Alle elevane bør i det minste halde eit foredrag eller gi eit munnleg referat av ein tekst dei har lese. Opplesing, førebudd og uførebudd, og dessutan lesing av roller i drama er og moglege arbeidsformer. 4.2.2. Skriftlege arbeidsformer Opplæringa i skriftleg norsk bør ha eit funksjonelt siktemål, dvs. elevane må få øvingar som styrkjer evna deira til å bruke språket i ulike samanhengar. Det er derfor viktig å gå frå det enkle til det meir kompliserte i val av oppgåvetypar. Dei første oppgåvene må og vere av den arta at elevane blir glade i å skrive, at dei får skrive om emne dei er opptekne av og tykkjer dei har nytte av. Av og til bør elevane og få prøve seg på å gi resonnerande framstillingar og vurdere litteratur skriftleg. Elevane må og få lov til å trene på å skrive lesarinnlegg i aviser og få vite noko om kva som skal til for å lage ei avis. I samarbeid med yrkesfaglæraren er det fint om læraren i norsk kan dra inn emne frå yrkessamanhengen. 4.3. Undervisningsformer Av omsyn til differensieringa og for å skape variasjon bør ein veksle mellom ulike undervisningsformer. Verksemda i klassen har ikkje berre faglege mål. Ho skal og fremje samarbeidsevna hos elevane, og få dei til å forstå at dei skal fungere i ein klasse og derfor må respektere synsmåtane hos kvarandre og lære dei orden og gode vaner. Størstedelen av undervisninga vil i dei fleste tilfella gå føre seg i samla klasse. Dette kan organiserast på fleire vis, men hovudmålet er at elevane skal lære, ikkje bli lært. Aktivisering av elevane kan skje ved gruppearbeid og ved sjølvstudium. Oppgåvene som elevane får å arbeide med, må innehalde tilstrekkeleg med utfordringar og samstundes vere varierte og vekkje interessa. Ei undervisningsform som kan nyttast, særleg i samband med lokallitteratur, er å invitere inn folk frå lokalsamfunnet, både forfattarar og folk som kjenner det ein forfattar skriv om, til ordskifte. Heimearbeid er ei vidareføring av undervisninga og arbeidet på skolen, og det er viktig at det er samanheng mellom skolearbeidet og heimearbeidet. Heimearbeidet må vere overkommeleg og må planleggjast i samarbeid med elevane. På den måten er elevane medansvarlege for at tidsramma blir halden.
Skann 282 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 280». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/282/