SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 279 skann 281

Norsk som andrespråk for elevar med samisk førstespråk i grunnkurs 279 3.3. Kommentarar til emnelista Munnlege øvingar og lesing For mange av elevane er skolen ein av dei få stadene der dei nyttar norsk til dagleg. Dette bør skolen ta omsyn til i val av tekstar og samtalesituasjonar. I munnlege øvingssituasjonar er det viktig at elevane får øvd opp sjølvtilliten og evna til å prate naturleg. Dette bør faget bruke ein del tid på, særleg først i skoleåret. Dermed kan ein leggje eit godt grunnlag for arbeidet utover året. I val av tekstar, både prosa og poesi, bør utvalet ta utgangspunkt i kjent stoff og kjent miljø. Både lokallitteratur, vekeblad og spenningslitteratur bør vere med her. Det er og viktig at elevane gjennom val av tekstar, kan setje sin kulturelle situasjon inn i ein større samanheng ved å velje stoff frå andre kantar av verda. Det er elles viktig å velje litteratur i samarbeid med elevane. I denne samanhengen må ein og dra inn aviser og andre medium, særleg lokalaviser, og sjå på korleis dei behandlar det miljøet elevane kjenner. Ved å velje slike emne kan skolen oppnå nokre av dei måla dei set for faget norsk. Elevane skal berre ha skriftleg opplæring i éi norsk målform, men likevel må læraren dra inn stoff i den andre norske målforma. Språklære, skriftlege øvingar Innføringa i norsk andrespråk bør samordnast med samisk førstespråk, og så langt råd er ta utgangspunkt i spesielle problem samiske elevar har når dei skal lære norsk. Her kan nemnast kjønn, tid av verbet, preposisjonsbruk og setningsbygning. Vidare bør elevane lære seg til å bruke norsk i ulike samanhengar, skriftleg, utover den øvinga dei får i studieretningsfaga. Derfor er det viktig å utvikle ordforrådet (jf. måla). Dei skriftlege øvingane må elles sjåast i samanheng med det ein les. 4. ARBEIDSMÅTAR 4.1. Arbeidet med faget Læraren må bruke dei undervisningsformene og organisasjonsformene som tener måla og interessene til elevane best. Elevane og læraren må saman leggje opp ein plan for korleis undervisninga skal vere heile året. Under denne planlegginga må læraren ha det avgjerande ordet i kraft av faglege kvalifikasjonar og pedagogiske røynsler. Dei første åra vil det vere skort på lære- og hjelpemiddel til å undervise i norsk andrespråk. Dette må ein ta omsyn til i planlegginga.
Skann 281 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 279». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/281/