SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 278 skann 280

Norsk som andrespråk for elevar med samisk førstespråk i grunnkurs 278 3.2. Emneliste 3.2.1 . Kjernestoff Faget er på berre tre veketimar, og det gjer at ein må prioritere i val av stoff. Ein må då velje det stoffet som best oppfyller intensjonane i måla. Likevel må kravet til aktualitet ikkje gjere kjernestoffet til ei «tvangstrøye» ein ikkje kan sleppe laus frå om nødvendig. Munnlege øvingar - Øving i å leie eit ordskifte. Møteteknikk. Diskusjonsinnlegg. - Førebudd og ikkje førebudd høgtlesing av faglitteratur og skjønnlitteratur. - Førebudd oppføring av roller i eit skodespel. - Øving i å halde foredrag. - Øving i å oppfatte tale og gjengi denne. Diktafon og telefon er nyttige hjelpemiddel her. Lesing — Reint litterært stoff (prosa og poesi) - Ein roman eller eit skodespel — Eit utval av noveller og dikt - Stoff med emne frå nærings- og samfunnslivet - Aviser og vekeblad - Tidsskrift - Utgreiingar (NOU: Samerettsutvalet) Språklære — Språksituasjonen i Noreg og andre land - Innføring i norsk grammatikk, syntaks og ordval - Språklege verkemiddel i ulike typar av tekstar (reklame, medium osb.), språkbruksanalyse Skriftlege øvingar - Sakleg skildring, rapportar, enkle utgreiingar og skildringar. - Referat av lesestykke. - Skriving av avisinnlegg og lage avis. 3.2.2. Tilvalsstoff - Dialektar - Bruk av audiovisuelle hjelpemiddel - Opplegg til og gjennomføring av ekskursjonar - Grammatisk analyse
Skann 280 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 278». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/280/