SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 277 skann 279

Norsk som andrespråk for elevar med samisk førstespråk i grunnkurs 277 2.1 . Kommentarar til målet Hovudmålet med faget må vere at elevane skal lære å kunne bruke norsk i ulike arbeidssituasjonar og i aktuelle situasjonar i det norske samfunnet elles. Ein må leggje vekt på at desse elevane, som har samisk som førstespråk, og skal kunne søkje jobbar utanfor dei samiske kjerneområda, og seinare studere vidare ved universitet og høgskolar. Emne det derfor er viktig å arbeide med, er rettskriving og utvikling av ordforråd. Så langt råd er, må undervisninga i norsk språk ta utgangspunkt i talemålet til elevane, samisk. Faget må og bruke tid på å la elevane få trene på å bruke norsk i munnlege framstillingar. Det kan vere foredrag, lesing, samtale og dramatisering. I val av lesing bør ein i utgangspunktet velje stoff frå kjent miljø for å få elevane til å lese. Elevane må og lære seg å vurdere dette stoffet og ta stilling til det. Dette gjelde både dikting og sakprosa. Gjennom lesinga skal elevane og få samtidskunnskap og bakgrunnsmateriale til å vurdere samfunnet i dag; både det samiske samfunnet og det norske storsamfunnet. Ein del slike emne er: - likestilling - likeverd/diskriminering - samlivsspørsmål - rusgiftproblem - menneskerettar - samisk identitet 3. ARBEIDSSTOFF 3.1 . Dei konsekvensane målet har for utvalet av arbeidsstoff Dei emna som er sette opp i leseplanen under, vil vise at faget både er eit allment fag og eit fag som skal vere beinveges til nytte for elevane når dei skal ut i arbeidslivet etter endt skolegang. Det er derfor viktig å finne undervisningsstoff som er tilpassa det faglege nivået, språk- og kulturbakgrunnen til elevane og interesser knytte til linjeval (handels- og kontorfag). Det fagstoffet som blir brukt for å gi elevane samtidskunnskap, bør vere i samsvar med emnelista for andre fag, t.d. samfunns- og næringslære. Norsk er eit kulturfag og eit reiskapsfag. Derfor bør ikkje kravet til objektivitet hindre at ein tek opp stoff det er ulike meiningar om. Dette vil både styrkje interessa for faget og auke forståinga for ulike syn på ei sak og gi eit puff til elevane til å ta ordet munnleg, og til å ta stilling til den kulturelle situasjonen dei lever i. Det er likevel viktig å slå fast at ei sak har fleire sider.
Skann 279 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 277». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/279/