SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 276 skann 278

276 Norsk som andrespråk for elevar med samisk som førstespråk i grunnkurs i studieretning for handel og kontor 1. GENERELL INFORMASJON Denne fagplanen gjeld for dei elevane som har samisk som førstespråk i studieretning for handels- og kontorfag, eittårig grunnkurs. Faget har tre veketimar, på årsbasis 114 timar. Dei elevane som skal delta på dette kurset, skal ha hatt opplæring i norsk på alle årssteg i grunnskolen, men har likevel samisk som førstespråket sitt, det språket dei også bruker til dagleg. Det er derfor viktig at innhaldet i faget og arbeidsmåtane tek omsyn til dette. Vi må rekne med at elevane har ulik trening i å bruke norsk språk, skriftleg og munnleg. Jamvel om elevane får skriftleg opplæring berre i ei norsk målform, er det ein føresetnad at dei skal lese tekstar både på bokmål og nynorsk. 2. MÅL Gjennom arbeidet med faget norsk skal elevane - styrkje evna si til å lese og forstå norsk, til å skrive norsk rett og greitt og til å ordleggje seg klart og tydeleg - utvikle ordtilfanget i norsk - utvikle evna si til å oppfatte og oppleve dei verdiane som diktinga rommar, og til å få eit fagleg utbyte av framstillingar i sakprosa. Kort sagt la elevane bli glade i å lese - skaffe seg kunnskapar om samfunnet og bakgrunnen for at trekk i samtida er som dei er
Skann 278 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 276». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/278/