SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 191 skann 193

Norsk som førstespråk for elevar med samisk som andrespråk 191 4.4. Koordinering med andre fag Ein del emne i norsk høver til undervisningssamarbeid med andre fag, særleg samfunnsfag, filosofi, religion og språkfag. Ved felles planlegging vil det vere lettare å behandle slike emne samtidig og samordna i ulike fag. Ein del emne i samfunnsfag vil kunne utdjupe litteraturlesinga og gi elevane betre innsikt i og større forståing av dei problema litteraturen tek opp. På same måte vil det vere naturleg at ein i norsktimane arbeider med litteratur som tek opp religiøse og etiske problem samtidig som desse problema blir tekne opp i religionstimane. På det 2. og 3. årssteget vil venteleg filosofi og norsk kunne ha emne felles, t.d. emne som tolking og presisering. Forholdet mellom språkbruk og person, bakgrunn og formål kan også vere eit felles emne, alt etter kor mykje klassen vil konsentrere seg om dette. Ein del emne og oppgåver i norsk språklære kan det passe å koordinere med framandspråk og samisk 2. språk. Vi kan her nemne terminologi og metode. 4.5. Studieteknikk Dei friare og meir varierte undervisningsformene i norskfaget stiller nye og større krav til elevane om sjølvstende og gode arbeidsvanar. I tillegg til den generelle, teoretiske innføringa i studieteknikk, vil det bli behov for særskilt studierettleiing i norsk. Elevane må bli orienterte om dei hjelpemidla skolen har til rådvelde for arbeidet med faget, slik at dei kan bruke det arbeidsstoffet dei sjølve har, saman med det som finst på skolen. I førstninga av skoleåret må elevane få ei orientering om målet for og innhaldet i faget. Den planen som læraren har laga i samråd med elevane, må ein sjølvsagt kunne endre dersom det blir behov for det. Dette er særleg viktig det første året. Den planlegginga som ein gjennomfører for kvart årssteg, må omfatte dei ulike arbeidsmåtane som ein tenkjer å bruke, kva slags lærestoff og hjelpemiddel ein kan bruke og korleis ein kan dele undervisninga i periodar, prøver osv. 5. VURDERING 5.1. Generell innleiing Dei generelle retningslinjene for vurdering er gitt i den generelle delen i læreplanen del 1, kap. 8. Retningslinjer for fastsetting av termin- og standpunktkarakterar er gitt i forskrift om karakterar, eksamen og vitnemål m.v.
Skann 193 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 191». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/193/